Forfatterarkiv: oddbjorn

Besøk brukthandelen på Dombås!

Sidan brukthandelen på Jora miljøstasjon starta i 1994, har den i alt gjeve eit overskot på heile 1,559 millionar kroner til gode formål i Lesja og Dovre.

Overskotet i 2013 var på i alt kr. 65.400,- som blir delt likt mellom Lesja og Dovre. I tillegg vart det levert varer frå Dovre til NGR sin netthandel som gav Dovre ytterlegare kr. 4.371,- i overskot.  Desse pengane blir brukt til barne-og ungdomsarbeid i kommunane.

Det er mykje spennande å få kjøpt på Jora – i tillegg går overskotet til eit gode formål!

Velkommen til Jora miljøstasjon!

 

Utdeling av søppelsekkar for 2014

Sekkar blir utdelt slik:

Lesja og Dovre: 5. – 30. september.  Sel: 1. – 31. oktober. Vågå og Lom: 1. – 15. oktober.  Skjåk: 15.- 30. september.  Rull blir lagt i sekkestativet for dei som har det, eller levert på trappa. 

 

Kvifor kan ikkje gamle «kommunesekkar» brukast ?

Berre sekkar med NGR-merke blir henta av renovatøren. U-merka sekkar, eller gamle sekkar frå den tid kvar kommune hadde sine eigne sekkar (før 2001) blir ikkje teke med av renovatøren.

NGR får framleis klager på at  desse gamle sekkane ikkje lenger kan brukast. Argumentet frå  abonnenten er at det jo er betalt for sekkane! (Sjølv om det riktignok var for meir enn 11 år sidan.)

Renovasjonen på 1980- og 90-talet var svært enkel og billeg. Alt søppel vart køyrd til ein lokal fyllplass i kvar kommune. Det var da og vanleg at kommunen delte ut 52 sekkar til alle abonnentar. Den tenesten det vart betalt for før 2000 var ein heilt annan enn den tenesten som blir gjeve i 2013. 

Som dei fleste kommunale tenester blir det også for renovasjonen kravd inn eit årleg gebyr  (i NGR-kommunane knytta til antal sekkar utlevert). Gebyret gjeld i utgangspunktet for tenester som blir levert dette året. (Ikkje for framtidige tenester).

NGR er av dei få renovasjonsselskap som enno brukar sekk for restavfall. Det vanlege nå er å bruke plastdunk. Og med dunk  er det slik at det volumet ein ikkje utnyttar ved kvar tømming får ein aldri «til gode». NGR-abonnentane kan derimot framleis bruke NGR-sekkar utlevert så langt tilbake som i 2001 .

Lora – misbruk av hyttecontainer

Dersom det er nokon i Lora-området som på vedlagte bilde kjenner att ein kontorstol, akekjelke, eit skistativ og ei pumpe, er dette i dag henta ut av hyttecontaineren ved Lora stasjon av våre renovatørar. Det ligg ved sida av containeren, og kan hentast att her.

Dette er misbruk av ein container som berre skal ta mot hushaldningsavfall frå hytter. Dersom NGR leverer dette jernskrapet i restavfallet til Heimdal, får vi store straffegebyr. Får vi ikkje slutt på dette misbruket, må vi køyre alt avfall frå Lesja til Otta for sortering, før vi kan sende det vidare til Heimdal. Dette vil fordyre renovasjonen i Lesja kommune vesentleg for alle.

Dovre den 23.09.13.   Helsing Oddbjørn Einbu (dagleg leiar i NGR).

Dette må det bli slutt på !

NGR-kommunane baserer hytterenovasjonen på utplasserte containere.

Desse skal berre brukast til hushaldningsavfall frå hytter.

Dei skal ikkje brukast av fastbuande og bedrifter, og dei skal ikkje brukast til grovavfall.

 

Vi ser eit betydeleg misbruk ved at fastbuande og bedrifter også brukar dette tilbodet. Og at grovavfall, jernskrap, kvitevarer, byggeavfall m.m. blir levert hit.

NGR får store straffegebyr dersom slikt avfall blir sendt vidare til forbrenningsanlegget i Trondheim. Dette kan føre til at NGR må sortere alt avfall, eller ha eigne ruter for sekkeavfall og containertømming. Begge delar vil fordyre renovasjonen vesentleg for heile NGR-området.

Det er difor i alle si interesse at vi får slutt på dette misbruket !

 

Bildet ovanfor viser kva renovatørane fann i ein hyttecontainer i Murudalen i Sel nå nettopp. Det er eit eksempel på grovt misbruk av ein hyttecontainer, og forholdet vil bli meldt til politiet.

Bruk miljøstasjonane !

NGR har 6 betjente miljøstasjonar. Vi er berre 19 400 innbyggarar i Nord-Gudbrandsdal som skal dekke kostnadene for dette omfattande servicetilbodet. Det er difor viktig at det blir brukt!

Det er mange avfallstypar som bør leverast til gjenvinning; for eksempel: papir/papp, glas/ metallemballasje, jern/metall, brukbare klede/sko. Farleg avfall skal leverast til miljøstasjon: alt elektrisk avfall (også lyspærer og alt som går på batteri),  alle typer batteri, måling, lim, lakk, olje,  sprayboksar o.l. 

Det kom til å bli bli urimeleg dyrt for abonnentane dersom NGR skulle hatt henteordningar for alle desse avfallstypene.

Bildet viser Vågå miljøstasjon.  VELKOMEN !

 

NGR har fått ny nettside !

NGR har hatt eiga nettside sidan 2001, men nå var tida moden til å oppgradere denne.

Den er tilpassa til bruk på smart-telefon, og vil også få eit kartgrunnlag som viser detaljert plassering av hyttecontainere m.m.

Sida er sett i drift 19.12.12, og er under oppbygging. Den er såleis ennå noko mangelfull, men vi jobbar med saken!

 Helsing Siv, Pål Sverre og Oddbjørn i NGR