Om henterutene

 

Det blir henta restavfall frå hushaldningane annakvar veke, dvs. ca. 26 gongar pr.år. Det blir henta plastemballasje kvar månad. Ordning for papir varierer kommunevis. I Sel og Vågå har abonnentane dunk og her vert det henta papir kvar månad. I Skjåk, Lom, Lesja og Dovre leverer abonnentane papir til sjølvbetjente returpunkt (utplasserte containere).

 

Kvifor brukar ikkje NGR plastdunk i staden for sekk til restavfall ?

Mange renovasjonsselskap går over frå sekk til dunk for restavfallet. NGR har over lengre tid også hatt dette til vurdering, men held inntil vidare fast på bruk av sekk.  Sekken har sine ulemper i høve til dunk, og det knyttar seg i hovudsak til arbeidsmiljøet for renovatørane. Men sekken har bl.a. følgjande fordelar i høve til dunk:

  • fleksibelt volum (Du kan levere fleire sekkar samtidig, dersom du ein periode har mykje søppel)
  • enkel å transportere i privatbil (Mange har lange gardsvegar/ lokalvegar og køyrer sekken fram til hovudveg på hentedagen)
  • enkelt å endre abonnement (Byte av abonnement mellom 24 / 36 / 48 sekk kan skje ved ein telefon til kommunen; utan å byte dunk)
  • hygienisk / reinsleg
  • estetikk (Plastdunk vil for dei fleste framstå som meir dominerande enn eit sekkestativ. Dessutan set mange fram sekken på hentedagen utan stativ. Søppelet er da synleg berre ei kort stund, og ein treng ikkje hente inn att tom dunk. )
  • lengre henteavstand (Maksimum  5 meter henteavstand er vanleg der det blir brukt dunk. Dette fordi dunken skal hentast og trillast på plass att av renovatøren. Dette tilsvarar 10 meter henteavstand for sekk. I praksis må da dei fleste hugse på å trille fram dunken på hentedagen.)

 

Kvifor brukar ikkje NGR oppsamlingsutstyr for papirhentinga ?

Etter ønske frå Vågå kommune  og Sel kommune har abonnentane i desse to kommunene fått utdelt 140 liters plastdunkar på hjul som oppsamlingsutstyr for papir. Men dette er ikkje gjennomført som standard i NGR-området

Dersom det skal utleverast oppsamlingsutstyr for papir til hushaldningane, ser ein plastdunk som den mest aktuelle løysinga, slik det er gjort i Vågå og Sel.  Men spesielt utanfor bustadområda vil dunken ha mange av dei same problema som beskrive ovanfor for restavfall. Blir det levert ut dunk, er det og eit begrensa lagringsvolum, og tømming av 140 liters dunk må skje ca. 1 gong i månaden. (Større dunk vil bli for tung å handtere for folk flest.)  Dette gjer at inntransportkostnaden aukar, i tillegg til at det må investerast i plastdunkar. Dette vil nok føre til at vi får inn større mengde papir, men ein vurderer den økonomiske gevinsten som langt mindre enn dei auka kostnadene.

Det viser seg at folk er flinke til å bruke den enkle innsamlingsordninga som er standard i NGR-kommunane, og det  er viktig at miljøstasjonane blir brukt til alt gjenvinnbart avfall, også papir og papp. For mange er det naturleg å levere papir og papp hit når det blir levert anna gjenvinnbart, og farleg avfall.

 

NGR hentar plastemballasje fraå husholdningar kvar månad.

NGR køyrer henterute for plastemballasje kvar månad. Renovasjonsbilen vil køyre same rute som ved henting av restavfall. Sjå hentekalenderen for når ruta går hjå deg.

Sekkene skal knytast att med dobbel knute, og settast fram der du vanligvis set sekken for restavfall. Sekken skal ikkje bindast fast til noko.

I Vågå og Sel har mange abonnentar dunk til papir.  Nokre av  dunkane har ein krok på håndtaket. Sekken for plastemballasje kan gjerne hengast her på hentedagen.

Sjå informasjonsbrosjyra her.

 

Kvifor er det ein eigen sekk for oppsamling av plastemballasje?

NGR har produsert ein eigen sekk for lagring av  plastemballasje og det er berre denne sekken som kan brukast til dette formålet. Sekken er gjennomsiktig slik at renovatørane kan sjå at det berre er plastemballasje for gjenvinning som blir med. Sekkane er også perforerte slik at den ikkje revnar når den blir klemd inne i renovasjonsbilane.

Sekkane for plastemballasje vert utdelt saman med restavfallssekkane.

Slik ser sekken ut: