Min kommune: Dovre

Dovre kommune har 2 700 innbyggarar, og har vore medlem i Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap sidan starten i 1997.

Informasjon om renovasjon i Dovre kommune:

Renovasjonsgebyr

Klikk her for å sjå gebyra.

Miljøstasjon i Dovre

Gjenvinnbart avfall bør sorterast ut og leverast til gjenvinning. Dersom du sorterer ut alt gjenvinnbart avfall, får du mindre restavfall og kan kanskje klare deg med eit minsteabonnement på 24 sekkar pr. år.  (Farleg avfall skal sorterast ut, og ikkje leverast i restavfallet.) Det vil bli alt for kostbart å ha henteordningar for mange typer gjenvinnbart avfall, og vi må basere oss på at abonnenten sjølv fraktar dette til miljøstasjonen.

Klikk her for å sjå opningstider og kart til stasjonen.

Klikk her for å sjå korleis avfallet skal sorterast.

Hentekalender for Lesja og Dovre

Restavfallet blir henta annakvar veke heile året. Det er ikkje henteordning for papir/papp, men det er returpunkt for papir ved Coop Dovre og tidligere nærbutikk på Dovreskogen. Klikk her for å laste ned hentekalenderen.

Hytterenovasjon i Dovre kommune

Kommunen har utplassert containere for restavfall, samt returpunkt for glas-og metallemballasje som også hytteeigarane kan bruke (og papircontainere på Dovre og Dovreskogen). I tillegg skal  miljøstasjonane brukast for grovavfall og farleg avfall. Gebyr for hytterenovasjonen finn du på link under “Renovasjonsgebyr” oppe på denne sida.

For å finne kvar du som hytteeigar kan levere ulike typer avfall, sjå informasjon nederst på denne sida korleis du finn returpunkta ved å bruke Sortere.no.

Kontaktpersonar

Kontaktperson i kommunen for spørsmål om renovasjon:
Tor Ivar Hovhaugholen
Telefon Dovre kommune: 61 24 21 00 / Tor Ivar Hovhaugholen direkte direkte: 917 00 338
E-post: postmottak@dovre.kommune.no

Kontaktperson for innsamlingsrutene i Dovre, Lesja og Sel
Hans Amund Sveine
Telefon: 415 34 881
E-post: hans.sveine@ngr.no

Kontaktperson i NGR for miljøstasjonane i Sel, Lesja og Dovre:
Terje Vardsveen
Telefon: 975 54 743
E-post: terje.vardsveen@ngr.no

Dovre kommune si nettside:

www.dovre.kommune.no

Slik finn du returpunkt og hyttecontainere med Sortere.no

NGR samarbeider med Sortere.no om kart og guide for sortering.

Dette er ein måte å bruke guiden på:

1. Trykk på linken: “Hva betyr symbolene” nede til venstre på kartet, så kjem det opp ei tegnforklaring.

På “Gjenvinningsstasjon” = symbol G , kan du levere dei aller fleste typer avfall. (NGR brukar begrepet “Miljøstasjon” om slike betjente mottak.)

Utplasserte containere der du kan levere hushaldningsavfall frå hytter (ikkje grovavfall og farleg avfall) finn du under symbolet H.

Returpunkt for glas/metallemballasje (også papir i Lesja og Dovre) finn du under symbolet R.

2. Bruk zoom-funksjonen til høgre i kartet for å få høveleg målestokk.