Min kommune: Lom

Lom kommune har 2400 innbyggarar, og har vore medlem i Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap sidan starten i 1997.

Informasjon om renovasjon i Lom kommune:

Renovasjonsgebyr

Klikk her for å sjå gebyra.

Miljøstasjon i Lom

Gjenvinnbart avfall bør sorterast ut og leverast til gjenvinning. Dersom du sorterer ut alt gjenvinnbart avfall, får du mindre restavfall og kan kanskje klare deg med eit minsteabonnement på 24 sekkar pr. år.  (Farleg avfall skal sorterast ut, og ikkje leverast i restavfallet.) Det vil bli alt for kostbart å ha henteordningar for mange typer gjenvinnbart avfall, og vi må basere oss på at abonnenten sjølv fraktar dette til miljøstasjonen.

Klikk her for å sjå opningstider og kart til stasjonen.

Klikk her for å sjå korleis avfallet skal sorterast 

Hentekalender for Lom og Skjåk

Restavfallet blir henta annakvar veke heile året. I tillegg er det sett ut containere for innsamling av papp, papir og drikkekartong rundt om i kommuna. Klikk her for å laste ned hentekalenderen.

Hytterenovasjon i Lom kommune

Kommunen har utplassert containere for restavfall, samt returpunkt for glas-og metallemballasje som også hytteeigarane kan bruke. I tillegg skal  miljøstasjonane brukast for grovavfall og farleg avfall. Gebyr for hytterenovasjonen finn du på link under “Renovasjonsgebyr” oppe på denne sida.

For å finne kvar du som hytteeigar kan levere ulike typer avfall, sjå informasjon nederst på denne sida korleis du finn returpunkta ved å bruke Sortere.no.

Kontaktpersonar

Kontaktperson i kommunen for spørsmål om renovasjon:

Jan Runar Tangstad
Telefon Lom kommune: 61 21 73 00
E-post: post@lom.kommune.no

Kontaktperson i NGR for innsamlingsrutene i Lom, Skjåk og Vågå:
Alf Rune Melby
Telefon: 415 34 880
E-post: alf.rune.melby@ngr.no

Kontaktperson i NGR for miljøstasjonane i Lom, Skjåk og Vågå:
Tom Andrè Hånsnar
Telefon: 975 54 744
E-post: tom.andre.hansnar@ngr.no

Lom kommune si nettside:

www.lom.kommune.no

Slik finn du returpunkt og hyttecontainere med Sortere.no

NGR samarbeider med Sortere.no om kart og guide for sortering.

Dette er ein måte å bruke guiden på:

1. Trykk på linken: “Hva betyr symbolene” nede til venstre på kartet, så kjem det opp ei tegnforklaring.

På “Gjenvinningsstasjon” = symbol G , kan du levere dei aller fleste typer avfall. (NGR brukar begrepet “Miljøstasjon” om slike betjente mottak.)

Utplasserte containere der du kan levere hushaldningsavfall frå hytter (ikkje grovavfall og farleg avfall) finn du under symbolet H.

Returpunkt for glas/metallemballasje  finn du under symbolet R.

2. Bruk zoom-funksjonen til høgre i kartet for å få høveleg målestokk.