Gebyr – generelt

NGR  brukar sekk i stativ for restavfall som standard for hushaldningane. Sekken kan stå i stativet til den blir henta av renovatøren.

Restavfall blir henta ca. 26 gongar pr. år. Har du eit normalabonnement med 36 sekkar  utlevert, treng du ikkje tenkje meir på når søppelet blir henta. (Men for papiret må du sjå på hentekalenderen når det skal settast fram for henting eller kvar du kan levere til nærmaste container.)

Stativet skal stå maksimum 10 m frå køyreruta (lenger avstand kan avtalast mot tilleggsbetaling.)  Sekken skal ikkje vera overfylt, og skal ikkje vega meir enn 20 kilo. For papirdunk er max. henteavstand også 10 meter.

Dersom du vil “spare” på sekkane, og kanskje ha nokon i reserve dersom du ein periode har meir søppel enn normalt kan du sjølv “regulere” hentinga, enten ved å sette skilt på stativet med “IKKJE TØMMING”;  (NGR sel slike på miljøstasjonane til kr. 75,-), eller ta unna sekken når ruta køyrer.

Dersom du har eit “minsteabonnement” med 24 sekkar utlevert, må du sjølv passe på å sette fram sekk berre dei gongane du vil ha sekken henta, eller bruke “IKKJE TØMME” – skilt.

Det er 3 gebyrnivå for hushaldningane, basert på antal sekkar for restavfall som blir utdelt pr.år:

A-abonnent = 36 sekkar pr.år. (normalabonnement)
B-abonnent = 48 sekkar pr.år
C-abonnent = 24 sekkar pr.år

Prisane kan variere noko kommunevis frå år til år. (Men over tid vil prisane i gjennomsnitt vera nokså like.)

Her er prisane for 2024, inkl.25% mva.

24-sekk  36-sekk  48-sekk
Skjåk 3.788,- 4.425,-  5.413,-
Lom 4.060,- 4.605,- 5.018,-
 Vågå 4.210,-  4.720,-  5.284,-
 Sel 4.305,- 4.764,- 5.883,-
 Dovre 3.668,- 4.225,- 4.913,-
 Lesja 3.675,- 4.123,- 4.755,-