Sorteringsanlegg Otta

Dette er NGR sitt hovudanlegg for omlasting og sortering. Det er samlokalisert med Sel kommune sin miljøstasjon, og ligg på den gamle avfallsplassen Myrmoen. Anlegget ligg ved fylkesvegen på vestsida, 6 km frå Otta sentrum mot Vågå. Det vart slutt på å deponere restavfall her  frå 1998, og NGR har sidan da bygd ut anlegget stegvis. 

 

Base for NGR sine krokliftcontainere

NGR har sidan 1998 investert i 75 krokliftcontainere, i storleik frå 22 til 45 m3. Når det er fulle containere på miljøsjonane, blir tomme containere frå Myrmoen køyrd ut og fulle henta inn. Ein del av containerane på bildet står med grovavfall frå miljøstasjonane “på vent” for sortering.

 

Sortering av grovavfall

Grovavfall (restavfall) frå NGR sine 6 miljøstasjonarg blir tippa inne i hallen og sortert  med ei 14 tonns gravemaskin. NGR kjøpte ny Volvo maskin i 2012, og har ei eldre maskin i reserve. Ca. 1 700 tonn kjem inn til sortering pr.år. Sorteringa er viktig for å sikre at det ikkje blir med farleg avfall vidare til forbrenningsanlegget. Men sorteringa har og ei økonomisk side, da restavfall er langt dyrare å levere til behandling enn f.eks. treverk, som det blir sortert ut store mengder av. Det blir og sortert ut betydelege mengder jernskrap frå grovavfallet, og dette får NGR bra betalt for.   

 

Omlasting

Omlasting skjer ved 3 meter høge ramper som er bygd for store krokcontainere. Komprimatorbilar som hentar inn restavfall i  Vågå og Sel tippar avfallet rett i container her, og avfallet blir komprimert med gravemaskin. Papir henta i komprimatorbil frå Lesja, Dovre, Sel og Vågå blir også omlasta ved rampe her. Rampene er også brukt for mottak av papp, jernskrap og glas. Inne i sorteringshallen er det og containere ved ramper for dei ulike sorteringsfraksjonane. (Restavfall og papir frå Lom og Skjåk blir omlasta til store krokcontainere ved tilsvarande ramper i Skjåk. Restavfall frå Lesja og Dovre blir omlasta på Jora miljøstasjon på Dombås for direktetransport til Heimdal.)

 

Mellomlager

På miljøstasjonane blir det brukt 22m3 containere for mottak av kreosot – og trykkimpregnert material. Dette er praktisk fordi containerane kan lastast frå plan, og ein sparer da dyre ramper. På Myrmoen blir dette treverket mellomlagra på bakken og lasta opp i 45 m3 containere for rasjonell utfrakt til behandlingsanlegget i Solør. 

 

Deponi (for inerte masser)

NGR har konsesjon for å deponere såkalla inerte masser på Myrmoen. Det er ikkje-nedbrytbart avfall, slik som betong, murverk, glas o.l.  I tillegg har NGR løyve til å deponere asbest. Dei siste åra har det vore deponert ca. 600 tonn betong m.m. og ca. 90 tonn asbestplater. Også Midt-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap (MGR) leverer slikt avfall hit.