Generelt

10m3 glascontainer

NGR er primært etablert for å ta seg av den  vanlege hushaldningsrenovasjonen i dei 6 medlemskommunane.

Men NGR tilbyr også renovasjonstenester for næringslivet. Det gjeld levering til NGR sine henteruter for restavfall, papp og papir, samt direktelevering til NGR sine miljøstasjonar.

Der NGR likevel køyrer henteruter for hushaldningar og/ eller hytter, ser ein det som rasjonelt og miljømessig fornuftig også å kunne tilby renovasjonstenester til bedriftene. Dette  sikrar også at det er er konkurranse i marknaden, også i utkantstroka. Regnskapsmessig er bedriftssrenovasjonen skild frå hushaldningsrenovasjonen, og dekker fullt ut sine eigne kostnader.

Ta kontakt med NGR for nærare informasjon om kvar det går ruter for restavfall, papp/plastfolie og papir, og gjeldande prisar. NGR har også eit rabatt/ bonussystem for bedrifter som leverer større mengder avfall.