Stikkordarkiv: vår

Ryddeaksjon i landbruket – veke 18 2019

Vågå og Sel Bondelag, Vågå Bonde- og Småbrukarlag har i samarbeid med landbrukskontoret teke initiativ til ryddeaksjon i landbruket i veke 18. Det blir utvida opningstider på miljøstasjonane i Sel (Myrmoen) og Vågå (industriområdet) denne veka. På miljøstasjonane kan ein levere det meste, sjå ngr.no tlf. 61 24 21 00. Det blir kaffi- og kakeservering på miljøstasjonane desse dagane i regi av Sanitetsforeiningane i Sel og Vågå. Ryddeaksjonen er samstundes med den nasjonale ryddedugnaden!

Utvida opningstider i veke 18
Tysdag (ordinært) kl. 12-18
Torsdag 2.5 kl. 12-20 (servering kl.12-16)
Fredag 3.5. kl. 12-20 (servering kl. 12-16)
Laurdag 4.5 kl. 10-14 (servering kl. 10-14)

Ein bør spesielt fokusere på forsøpling og avfall nært tunet og i tilknyting til lagerplassar for fôr og maskinar. Det ligg mykje rundballeplast langs gjerder og i busker og kratt. For landbruket sitt renommé og for å unngå fysisk og visuell forureining er det viktig at næringa sjølv tek ansvar for å helde sitt nærområde ryddig.

I tillegg er det stort engasjement for å rydde langs vassdraga, spesielt plast og anna søppel som ligg langs etter strandlina. Det er frå landbrukshald teke initiativ til å rydde langs dei store vassdraga i Gudbrandsdalen.

I løpet av sommaren vil vi ha fokus på forsøpling og rydding i seterområda.

For dei som har store mengder med plast, jern- og stålskrap er det muleg å ta kontakt direkte med aktørar i bransjen for henting direkte på garden.

Både Landbrukskontoret, Bondelaget og Småbrukarlaget håper på stor oppslutning om denne ryddeveka slik at det blir mindre forureining og eit trivlegare kultur- og arbeidsmiljø.

Våropen miljøstasjon i Sel og Vågå (kun veke 18)

I veke 18 vil miljøstasjonane i Vågå og Sel ha desse opningstidene:

  • tysdag 30. april 2019: kl 12.00-18.00 (ordinær opningstid)
  • torsdag 2. mai 2019: kl 12.00 – 20.00
  • fredag 3. mai 2019: kl 12.00 – 20.00
  • laurdag 4. mai 2019: kl 10.00 – 14.00

I forbindelse med «Ryddeaksjon i Landbruket» vil sanitetsforeningane i Sel og Vågå servere kaffe og biteti torsdag og fredag  12.00-16.00 og laurdag 10.00 – 14.00.

 

Utvida opningstid på miljøstasjonane i Lom og Sel

Vårpussen kjem stadig nærmare! I den forbindelse kan det bli tilbod om utvida opningstider på den enkelte miljøstasjon. NGR legg ut info om ekstra dagar eller utvida åpningstid på den enkelte stasjon så snart dette er avklara.

 

På Myrmoen miljøstasjon i Sel kommune vil opningstida torsdag den 20. april og torsdag 27. april bli utvida til kl 20.00. Myrmoen opnar som vanleg kl 12.00 desse dagane.

 

På Lom miljøstasjon i Lom kommune vil det torsdag 27. april bli utvida opningstid til kl. 21.00. Miljøstasjonen er som vanleg open frå kl 12.00. Laurdag 29. april er miljøstasjonen i Lom ope i tidsrommet 10.00 – 14.00