NGR har 6 betjente miljøstasjonar. Vi er berre 19 400 innbyggarar i Nord-Gudbrandsdal som skal dekke kostnadene for dette omfattande servicetilbodet. Det er difor viktig at det blir brukt!
Det er mange avfallstypar som bør leverast til gjenvinning; for eksempel: papir/papp, glas/ metallemballasje, jern/metall, brukbare klede/sko. Farleg avfall skal leverast til miljøstasjon: alt elektrisk avfall (også lyspærer og alt som går på batteri), alle typer batteri, måling, lim, lakk, olje, sprayboksar o.l.
Det kom til å bli bli urimeleg dyrt for abonnentane dersom NGR skulle hatt henteordningar for alle desse avfallstypene.
Bildet viser Vågå miljøstasjon. VELKOMEN !