Feil i renovasjonskalender for Lom og for Vågå

I renovasjonskalenderen for 2020 har det diverre vorte eit par feil.

 

Opningstider for Vågå miljøstasjon

Opningstidene er slik:

  • 1. januar  – 31. mars: Tysdag kl 12 – 18 og fredag kl 12 – 15..
  • Frå 1. april: Tysdag kl 12 – 18 og fredag kl 10 – 17.

Fram til 1. april er det ingen endring i opningstidene.

Rute for plastemballasje Lia – Vågå grense (Lom)

Blå rute på tysdager køyrer og strekninga Lia til Vågå grense.

Ruta går som før, men denne har falt ut av teksta i kalenderen.