Månedlige arkiver: mars 2022

Sommarhjelp i Skjåk

Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap IKS, Skjåk.

Vi søkjer 4 morgonfriske ungdommar som vil hjelpe oss litt med renovasjonen i sommarferien. Vi må opp tidleg, og driv gjerne lenge når vi er igangkomne. Men vi treng dykk berre 2-3 dagar i veka, så om du vil både jobbe og ha litt ferie, så må dette vera midt i blinken. Jobben blir å hjelpe renovatørane våre når dei køyrer inn hushaldnings- og næringsavfall. Her må du nok rekne med å bli både sveitt og lang i armane, men nokre dager er sjølvsagt lettare enn andre. Du vil bli med på ruter i heile Ottadalen, men oppmøtestad vil vera miljøstasjonen i Aurmo så du må kunne kome deg dit for egen maskin om morgonen. Vi kler deg opp i gule klede, og gjev deg god opplæring før vi byrjar.

Ta gjerne kontakt med transportleiar Alf Rune Melby på tlf. 903 68 309 om du lurar på noko.

Søknad på mail til: alf.rune.melby@ngr.no.