Forfatterarkiv: siv

Ryddeaksjon i landbruket – veke 18 2019

Vågå og Sel Bondelag, Vågå Bonde- og Småbrukarlag har i samarbeid med landbrukskontoret teke initiativ til ryddeaksjon i landbruket i veke 18. Det blir utvida opningstider på miljøstasjonane i Sel (Myrmoen) og Vågå (industriområdet) denne veka. På miljøstasjonane kan ein levere det meste, sjå ngr.no tlf. 61 24 21 00. Det blir kaffi- og kakeservering på miljøstasjonane desse dagane i regi av Sanitetsforeiningane i Sel og Vågå. Ryddeaksjonen er samstundes med den nasjonale ryddedugnaden!

Utvida opningstider i veke 18
Tysdag (ordinært) kl. 12-18
Torsdag 2.5 kl. 12-20 (servering kl.12-16)
Fredag 3.5. kl. 12-20 (servering kl. 12-16)
Laurdag 4.5 kl. 10-14 (servering kl. 10-14)

Ein bør spesielt fokusere på forsøpling og avfall nært tunet og i tilknyting til lagerplassar for fôr og maskinar. Det ligg mykje rundballeplast langs gjerder og i busker og kratt. For landbruket sitt renommé og for å unngå fysisk og visuell forureining er det viktig at næringa sjølv tek ansvar for å helde sitt nærområde ryddig.

I tillegg er det stort engasjement for å rydde langs vassdraga, spesielt plast og anna søppel som ligg langs etter strandlina. Det er frå landbrukshald teke initiativ til å rydde langs dei store vassdraga i Gudbrandsdalen.

I løpet av sommaren vil vi ha fokus på forsøpling og rydding i seterområda.

For dei som har store mengder med plast, jern- og stålskrap er det muleg å ta kontakt direkte med aktørar i bransjen for henting direkte på garden.

Både Landbrukskontoret, Bondelaget og Småbrukarlaget håper på stor oppslutning om denne ryddeveka slik at det blir mindre forureining og eit trivlegare kultur- og arbeidsmiljø.

Våropen miljøstasjon i Sel og Vågå (kun veke 18)

I veke 18 vil miljøstasjonane i Vågå og Sel ha desse opningstidene:

  • tysdag 30. april 2019: kl 12.00-18.00 (ordinær opningstid)
  • torsdag 2. mai 2019: kl 12.00 – 20.00
  • fredag 3. mai 2019: kl 12.00 – 20.00
  • laurdag 4. mai 2019: kl 10.00 – 14.00

I forbindelse med “Ryddeaksjon i Landbruket” vil sanitetsforeningane i Sel og Vågå servere kaffe og biteti torsdag og fredag  12.00-16.00 og laurdag 10.00 – 14.00.

 

Hentekalender 2019 for hushaldningane

Hentekalender 2019 for hushaldningane vil koma i alle postkasser i Nord-Gudbrandsdalen ca 2. eller 3. januar.  Desse ligg og ute her på heimesida vår. Sjå lenkjer nedanfor.

 

Hentekalender 2019 – Vågå

Hentekalender 2019 – Sel

Hentekalender 2019 – Lom og Skjåk

Hentekalender 2019 – Lesja og Dovre

 

Hentekalender 2019 – innside

 

Dersom du framleis ikkje har motteke kalenderen etter den 7. januar, ring NGR på tlf. 480 38 444 eller mail til post@ngr.no, så sender vi eit eksemplar.

Prisendring i bedriftsrenovasjonen frå 01.01.2019

Frå 01.01.2019 blir prisane endra for bedriftskunder.

 

Vedlagt følger standard prisar for levering av avfall på miljøstasjonane inkl. Myrmoen. omlastingsanlegg.

Prisliste avfallsfraksjoner pr 01.01.2019

 

Vedlagt følger også ein generell info som blir sendt ut til bedriftskunder.

Infobrev om prisendring pr 01.01.19

 

Ekstra opetid for Skjåk miljøstasjon etter flaumen

Pga. flaumen vil Skjåk miljøstasjon i den næraste tida ha ekstra opetid. (Denne lista blir oppdatert fortløpande)

 

Skjåk miljøstasjon vil vera open:

  • torsdag 18.10.18 kl 16.00 – 18.00
  • fredag 19.10.18 kl 12.00 – 18.00
  • måndag 22.10.18 kl 12.00 – 18.00
  • tysdag 23.10.18 kl 16.00 – 18.00
  • fredag 26.10.18 kl 16.00-18.00

Skjåk miljøstasjon vil som vanleg vera open onsdagar kl 12.00-18.00

Minner om at også miljøstasjonen i Lom kan nyttast. Lom miljøstasjon er open torsdagar kl 12.00 – 18.00.

Utkøyring av renovasjonssekkar – status pr 11. oktober

Utkøyring av renovasjonssekkar pågår nå i kommunane Sel, Vågå og Lom.

I Lesja, Dovre og Skjåk byrjar utkøyringa i veke 42. Dvs. frå måndag 15. oktober

Ta kontakt med NGR dersom du ikkje får sekkar i haust.

 

I tillegg til sekkar for restavfall, vill alle abonnenetar få utdelt sekkar for sortering av plast. Desse sekkane er blanke og med prentet “sekk for plastemballasje for husholdninger”.

Det er utarbeidd ein rettleiar til hushaldningane for sortering av plast. Den finn du her.

Kontakt oss dersom du ønker å tilsendt brosjyra i papirversjon

 

Kontaktinfo: e-post til post@ngr.no eller pr telefon til 480 38 444.

 

Vekt på sekker med restavfall

Vi minner om at sekker med restavfall ikke skal veie mer enn 20 kg.

Mange har begynt å sortere ut emballasjeplast i egne sekker, og man vil merke at sekkene med restavfall kan bli tyngre enn før. Plastavfall tar mye plass, men veier ikke like mye som annet avfall.
Våre renovatører betjener 8600 abonnenter og de lemper sekker for hånd. Det blir mange tunge løft i løpet av en dag, og vi må legge til rette for et godt arbeidsmiljø.