Vågå og Sel Bondelag, Vågå Bonde- og Småbrukarlag har i samarbeid med landbrukskontoret teke initiativ til ryddeaksjon i landbruket i veke 18. Det blir utvida opningstider på miljøstasjonane i Sel (Myrmoen) og Vågå (industriområdet) denne veka. På miljøstasjonane kan ein levere det meste, sjå ngr.no tlf. 61 24 21 00. Det blir kaffi- og kakeservering på miljøstasjonane desse dagane i regi av Sanitetsforeiningane i Sel og Vågå. Ryddeaksjonen er samstundes med den nasjonale ryddedugnaden!
Utvida opningstider i veke 18
Tysdag (ordinært) kl. 12-18
Torsdag 2.5 kl. 12-20 (servering kl.12-16)
Fredag 3.5. kl. 12-20 (servering kl. 12-16)
Laurdag 4.5 kl. 10-14 (servering kl. 10-14)
Ein bør spesielt fokusere på forsøpling og avfall nært tunet og i tilknyting til lagerplassar for fôr og maskinar. Det ligg mykje rundballeplast langs gjerder og i busker og kratt. For landbruket sitt renommé og for å unngå fysisk og visuell forureining er det viktig at næringa sjølv tek ansvar for å helde sitt nærområde ryddig.
I tillegg er det stort engasjement for å rydde langs vassdraga, spesielt plast og anna søppel som ligg langs etter strandlina. Det er frå landbrukshald teke initiativ til å rydde langs dei store vassdraga i Gudbrandsdalen.
I løpet av sommaren vil vi ha fokus på forsøpling og rydding i seterområda.
For dei som har store mengder med plast, jern- og stålskrap er det muleg å ta kontakt direkte med aktørar i bransjen for henting direkte på garden.
Både Landbrukskontoret, Bondelaget og Småbrukarlaget håper på stor oppslutning om denne ryddeveka slik at det blir mindre forureining og eit trivlegare kultur- og arbeidsmiljø.