Stikkordarkiv: kake

Ryddeaksjon i landbruket – veke 18 2019

Vågå og Sel Bondelag, Vågå Bonde- og Småbrukarlag har i samarbeid med landbrukskontoret teke initiativ til ryddeaksjon i landbruket i veke 18. Det blir utvida opningstider på miljøstasjonane i Sel (Myrmoen) og Vågå (industriområdet) denne veka. På miljøstasjonane kan ein levere det meste, sjå ngr.no tlf. 61 24 21 00. Det blir kaffi- og kakeservering på miljøstasjonane desse dagane i regi av Sanitetsforeiningane i Sel og Vågå. Ryddeaksjonen er samstundes med den nasjonale ryddedugnaden!

Utvida opningstider i veke 18
Tysdag (ordinært) kl. 12-18
Torsdag 2.5 kl. 12-20 (servering kl.12-16)
Fredag 3.5. kl. 12-20 (servering kl. 12-16)
Laurdag 4.5 kl. 10-14 (servering kl. 10-14)

Ein bør spesielt fokusere på forsøpling og avfall nært tunet og i tilknyting til lagerplassar for fôr og maskinar. Det ligg mykje rundballeplast langs gjerder og i busker og kratt. For landbruket sitt renommé og for å unngå fysisk og visuell forureining er det viktig at næringa sjølv tek ansvar for å helde sitt nærområde ryddig.

I tillegg er det stort engasjement for å rydde langs vassdraga, spesielt plast og anna søppel som ligg langs etter strandlina. Det er frå landbrukshald teke initiativ til å rydde langs dei store vassdraga i Gudbrandsdalen.

I løpet av sommaren vil vi ha fokus på forsøpling og rydding i seterområda.

For dei som har store mengder med plast, jern- og stålskrap er det muleg å ta kontakt direkte med aktørar i bransjen for henting direkte på garden.

Både Landbrukskontoret, Bondelaget og Småbrukarlaget håper på stor oppslutning om denne ryddeveka slik at det blir mindre forureining og eit trivlegare kultur- og arbeidsmiljø.

Våropen miljøstasjon i Sel og Vågå (kun veke 18)

I veke 18 vil miljøstasjonane i Vågå og Sel ha desse opningstidene:

  • tysdag 30. april 2019: kl 12.00-18.00 (ordinær opningstid)
  • torsdag 2. mai 2019: kl 12.00 – 20.00
  • fredag 3. mai 2019: kl 12.00 – 20.00
  • laurdag 4. mai 2019: kl 10.00 – 14.00

I forbindelse med “Ryddeaksjon i Landbruket” vil sanitetsforeningane i Sel og Vågå servere kaffe og biteti torsdag og fredag  12.00-16.00 og laurdag 10.00 – 14.00.