Sjå når renovasjonsbilen kjem til deg

Skriv inn adressa di i søkjefeltet. Da vil du sjå dei neste hentedagane for din eigedom, og kva for type avfall som blir henta.

Huks at du også kan levere fleire typer avfall på den lokale miljøstasjonen eller på eitt av dei mange returpunkta i kommunen din.

Har du smarttelefon? Da kan du bruke appen «MinRenovasjon». Her ser du datoar for komande avfallshenting, og kva avfall som blir henta når. Det er også mogleg å aktivere varsling i forkant på det tidspunktet du ynskjer, slik at appen seier frå når det er på tide å sette fram dunkene.

App’en kan lastes ned via AppStore (iPhone) eller GooglePlay (Android)

Eg ynskjer å bestille varsel på SMS dagen før henting

En SMS er nå sendt ditt mobilnummer
Tjenesten er ikke tilgjengelig for øyeblikket, prøv igjen senere

Driftsmelding 06.03.25

Sekkar blir ikkje henta

Vi minnar alle på at restavfallssekkar, eller anna laust avfall ikkje lenger blir teke med på ruter. Du kan fortsatt nytte dei merka sekkene dine på miljøstasjonane.

Korleis kjeldesortere?

Kva skal kvar når du kjeldesorterer? Kva er matavfall, kva kan du sortere som plast, og kva skal du ikkje leggje i restavfallet?

Med litt innsats frå deg, blir avfallet ditt til ein ressurs som andre har nytte av. Her skal vi hjelpe deg litt i gang, men bruk gjerne sortere.no for å lære enda meir.

Slik kjeldesorterer du heime og på hytta

Opningstider på miljøstasjonen din

Miljøstasjonane er ein viktig del av tenestetilbodet til innbyggjarane og næringane i regionen vår. Difor har vi 7 miljøstasjonar fordelt på dei 6 eigarkommunane våre. Du kan nytte deg av den stasjonen som passar deg best, same kva kommune du bur i. Abonnentar i kategorien fritidsbustad kan nytte miljøstasjonane på same måte som fastbuande.

Sjå opningstider på din miljøstasjon

Tenester for bedrifter

NGR handsamar og bedriftsavfall og tilbyr difor ei rekke tenester til næringsdrivande, mellom anna:

  • Faste henteruter for fleire typar avfall.
  • Konteinarar/oppsamlingsmateriell til sal og utleie.
  • Krok- og lifttransport.
  • Miljøstasjonar for mottak av avfall, herunder dei fleste typar farleg avfall.
  • Sorterings-, og deponitenester.
  • Rettleiing og rådgjeving.

Ta kontakt med oss for å få eit tilbod på små og store prosjekt, faste tømmingar eller noko anna vi kan hjelpe di bedrift med.

Bestille henting av avfall

Om du har ei avtale om henting på anrop, eller du ser conteinaren blir vel full før tida, så kontakt oss for tømming. Det er lurt å vera litt på forskot her, men sitt du plutseleg i knipa, er det berre å slå på tråden så skal vi sjå om det ikkje kan bli ei råd.

Prisar

Miljøstasjonene tek imot det meste av avfall, men nokon av stasjonane tek også imot ekstra typar avfall. Sjå prislista for meir info. Ynskjer du tilbod på eit større prosjekt, eller totalleveranse på alt avfall frå di bedrift, så ta gjerne kontakt.