Sjå når renovasjonsbilen kjem til deg
Skriv inn adressa di i søkjefeltet. Da vil du sjå dei neste hentedagane for din eigedom, og kva for type avfall som blir henta.


Huks at du også kan levere fleire typer avfall på den lokale miljøstasjonen eller på eitt av dei mange returpunkta i kommunen din.
Har du smarttelefon? Da kan du bruke appen «MinRenovasjon». Her ser du datoar for komande avfallshenting, og kva avfall som blir henta når. Det er også mogleg å aktivere varsling i forkant på det tidspunktet du ynskjer, slik at appen seier frå når det er på tide å sette fram dunkene.
App’en kan lastes ned via AppStore (iPhone) eller GooglePlay (Android)
Eg ynskjer å bestille varsel på SMS dagen før henting

Driftsmelding 27.01.25
Tekniske problem
Vi har trøbbel med to bilar, så rutene på Vågå i dag vil vera litt forseinka. For å få køyrt rutene som planlagt i dag må vi i større grad nytte oss av einkamra renovasjonsbil, og må difor diverre blande i saman noko av det sorterte avfallet og køyre det inn som restavfall. Vi håpar på å få retta opp problema så fort som råd, og kan køyre som vanleg seinast frå og med i morgon.

Korleis kjeldesortere?
Kva skal kvar når du kjeldesorterer? Kva er matavfall, kva kan du sortere som plast, og kva skal du ikkje leggje i restavfallet?
Med litt innsats frå deg, blir avfallet ditt til ein ressurs som andre har nytte av. Her skal vi hjelpe deg litt i gang, men bruk gjerne sortere.no for å lære enda meir.

Opningstider på miljøstasjonen din
Miljøstasjonane er ein viktig del av tenestetilbodet til innbyggjarane og næringane i regionen vår. Difor har vi 7 miljøstasjonar fordelt på dei 6 eigarkommunane våre. Du kan nytte deg av den stasjonen som passar deg best, same kva kommune du bur i. Abonnentar i kategorien fritidsbustad kan nytte miljøstasjonane på same måte som fastbuande.

Tenester for bedrifter
NGR handsamar og bedriftsavfall og tilbyr difor ei rekke tenester til næringsdrivande, mellom anna:
- Faste henteruter for fleire typar avfall.
- Konteinarar/oppsamlingsmateriell til sal og utleie.
- Krok- og lifttransport.
- Miljøstasjonar for mottak av avfall, herunder dei fleste typar farleg avfall.
- Sorterings-, og deponitenester.
- Rettleiing og rådgjeving.
Ta kontakt med oss for å få eit tilbod på små og store prosjekt, faste tømmingar eller noko anna vi kan hjelpe di bedrift med.
Bestille henting av avfall
Om du har ei avtale om henting på anrop, eller du ser conteinaren blir vel full før tida, så kontakt oss for tømming. Det er lurt å vera litt på forskot her, men sitt du plutseleg i knipa, er det berre å slå på tråden så skal vi sjå om det ikkje kan bli ei råd.
Prisar
Miljøstasjonene tek imot det meste av avfall, men nokon av stasjonane tek også imot ekstra typar avfall. Sjå prislista for meir info. Ynskjer du tilbod på eit større prosjekt, eller totalleveranse på alt avfall frå di bedrift, så ta gjerne kontakt.