Min Renovasjon – Hentekalender
Min Renovasjon
Den enklaste måten å halde greie på kalenderen no, er å installere appen Min Renovasjon på telefonen din. Her kan du sjølv velja akkurat når du vil ha påminning om kva tid renovasjonsbilen kjem, og kva for dunk du skal setja fram. Inne i appen vil du sjå hentedagar fram i tid, samt finne informasjon om returpunkt, miljøstasjonane og sortering. Det vil og etter kvart bli mogleg å kontakte NGR direkte i appen, og til dømes leggje att melding om at dunken må bytast, eller andre ting vi bør vite om.
Du finn appen gratis til nedlasting om du søkjer på «Min Renovasjon» der du vanlegvis hentar appar, eller du kan skanne ei av qr-kodane under.
Last ned appen i Apple Store ved å scanne QR-koden under:
Last ned appen i Google Play ved å scanne QR-koden under:
Kva om eg ikkje kan ha app?
Du kan og søkje opp di adresse i hentekalenderen på nettsiden vår. Her kan du og laste han ned og skrive han ut, om du ynskjer det. Når du har søkt opp di adresse, kan du og tinge varsling om hentedagar på SMS, om du heller føretrekkjer det, eller om du har ein telefon som ikkje kan ha appar. Vi kan og hjelpe deg med å tinge SMS-varsling. Ikkje ver redd for å ringe oss, så skal vi ordne det for deg.
Om du heller ikkje kan ha varsling på SMS, er det berre å kontakte oss, så skal vi sende deg ei utskrift av kalenderen for di adresse. Vi må ta høgde for at rutene kan endre seg gjennom året, så vi sender ikkje ut trykt kalender for fleir enn to månadar om gongen.
Anna varsling
Både Min Renovasjon, og SMS-varslinga vil fange opp endringar i rutene, men hugs at det kan alltid kan skje noko vi ikkje rår over, til dømes stengde vegar, tekniske problem, eller vær og føre, som gjer at hentedagar fell bort, eller må utsetjast. Ved slike høve, vil vi informere alle det gjeld med SMS-varsling.
Lukke til!