Minusgrader og matavfall

Fastfrose matavfall

Opplev du at matavfallet ikkje synast som det er henta, eller kanskje berre halve behaldaren er tømt? Du er nok ikkje bortgløymt eller offer for slurv, men matavfallet kan ha frose seg fast slik at renovatørane ikkje har fått teke det med seg.

Når temperaturen har krope godt nedafor null, kan matavfallet fryse seg fast i behaldaren om det er for blautt. Sjølv om renovatøren gjer sitt beste for å få tømt behaldaren din, kan dei ikkje slå for hardt på han. Plast får og endra eigenskapar i minusgradar og blir meir sprøtt. Da tålar dei ikkje like røff handtering, og kan fort sprekke eller bli øydelagt på annan måte.

Heldigvis finst det medisin mot slike situasjonar, og her skal vi gje deg nokre gode tips for å sleppe unna dei fastfrosne matavfallsposene:

Hald avfallet tørt

  • Om det er mogleg kan du freiste at overflødig væske renn av matavfallet før du legg det i posen. Kanskje potetskrellet tålar å ligge litt i vasken så det får runne av seg?
  • Bruk tørkepapir i posen for å absorbere fukta.

Grunnarbeid

  • Legg ein eggekartong, brukt tørkepapir eller til dømes tørre brødskalkar i botn av dunken. Desse tek til seg fuktigheit, og hjelper godt til at posane ikkje telar fast.
  • Strø litt grovsalt eller spon i botn. Om posane alt er fastfrosne, kan du og prøve å strø litt salt rundt i kantane for å løyse opp.

Forarbeid

  • Sett ut matavfallsposen ei stund i førekant så han frys før du legg han i dunken.
  • Bruk ei bøtte eller liknande over posen så ikkje fuglar eller andre pøblar lagar plunder for deg.

Andre tips for vinteren

Hugs og at vinteren byr på andre utfordringar for renovatørane. Snø, is, brøytekantar og bratte, tronge vegar kan gjera livet surt for arbeidsfolket vårt. Ver grei og ta deg tida til å brøyte og strø rundt dunken. Fjern eventuelle brøytekantar som hindrar tilkomsten. Kvost snø og is av dunkane på tømmedagen. I heilt spesielle høve, til dømes om vêr og føre gjer at vi ikkje kjem fram, ber vi deg og om å dra dunkane fram til ein køyrbar veg så vi får tømt dei for deg.

Med nokre enkle grep gjer du arbeidsdagen til renovatøren både tryggare og bedre. Det hjelp både oss i NGR og deg som abonnent.