Ledige stillingar i NGR!

Prosjektstilling – vil du vere med å effektivisere og digitalisere drifta i NGR?

Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap IKS (NGR) lyser ut ei mellombels stilling frå snarast.

Vi søkjer ein framoverlent og nytenkjande person, med gode digitale ferdigheiter og med kjennskap til NGR. Stillinga er 100% stilling som prosjektmedarbeidar i NGR. Stillinga er mellombels frå snarast – 1.04.2028.

Kvalifikasjonar:

  • Inneha kompetanse frå IKT, digitalisering og prosjekt (Utdanning, kurs eller fagbrev og erfaring).
  • Erfaring fra digitaliseringsprosjekt, kvalitetsarbeid og bruk av IKT.
  • Gjerne ha kjennskap til renovasjonsbransjen.
  • Inneha B førarkort.
  • Gode digitale ferdigheiter og lett kunne jobbe i ulike program og utstyr.
  • Fleksibel, positiv og serviceinnstilt.
  • Meistre å jobbe sjølvstendig, men samstundes kunne samarbeide godt med andre, og på tvers av avdelingar.
  • Initiativrik og løysingsorientert
  • Læreviljug og lærenem, men og kunne formidle eigen kunnskap.
  • Sans for orden og struktur
  • Personleg skikka.

Arbeidsoppgåver:

  • Digitaliseringsarbeid.
  • Utstyrsregistrering, lagerføring og datafangst.
  • Feltarbeid ute i heile Nord-Gudbrandsdalen – registrering av til dømes behaldarar, konteinarar osv.
  • Opplæringsarbeid av digitale systemer i organisasjonen.
  • Kvalitetsarbeid.

Vi byr på:

  • Ei ny og spennande prosjektstilling i ein bransje i utvikling og vekst.
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege medarbeidarar.
  • Lønn etter avtale.
  • Gode pensjon- og forsikringsordningar.
  • Opplæring og kursing.

Stillinga vil ligge organisatorisk under driftsleiar. Oppmøtestad er kontoret på Dovre/Dombås, men stillinga krev varierte oppmøtestader innad i NGR og Nord-Gudbrandsdalen. Arbeidsgjevar vil leggje til rette for gode arbeidshøve og naudsynt utstyr. NGR held bil ved mykje køyring.

For meir informasjon om stillinga ta kontakt med:

Driftsleiar, Tom André Hånsnar, e-post: tom.andre.hansnar@ngr.no, tlf. 48038444

Dagleg leiar, Marit Svanborg, e-post: marit.svanborg@ngr.no, tlf.  90366459

Søknad og CV kan sendast til post@ngr.no innan 22.02.2026

Vi søkjer 3 serviceinnstilte renovatørar / sjåførar i faste 100% stillingar. 

Arbeidsoppgåvene

  • Innkøyring av hushaldnings- og bedriftsavfall i Nord-Gudbrandsdalen.
  • Lett vedlikehald av bilane.
  • Dokumentasjon av varer, kvalitet og avvikshandsaming.
  • Drive kundekontakt og leggje til rette for riktig kvalitet av innsamla avfall
  • Andre oppgåver frå arbeidsgjevar.

Kvalifikasjoner

  • Førerkort i klasse C eller CE og godkjent YSK.
  • Fagbrev innan transportfaget eller gjennvinningsfaget, eller at du er villig til å ta slikt fagbrev.
  • Kranførarbevis G8, eller at du er viljug til å ta dette.
  • Kompetansebevis M2, M4, T4 er eit føremon.
  • At du er serviceinnstilt, fleksibel og positiv.
  • Får jobben gjort.
  • Er ryddig og omgjengeleg.
  • Kunne jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre.
  • At du har grunnleggjande digitale ferdigheiter.
  • Må kunne godt norsk skriftleg og muntleg.
  • Personleg skikka.

Vi tilbyr:

  • Fast stilling i ei bransje i vekst og omstilling.
  • Eit arbeidsmiljø med godt humør, servicefokus og fleksibilitet.
  • Ny oppmøtestad med nytt garasjeanlegg og vaskehall samlokalisert med kontoravdeling på Dombås i løpet av 2026.
  • Opplæring vil bli gjeve.
  • Lønn etter tariff.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Stillinga vil ligge organisatorisk under sjåførformann Gudbrandsdalsida og transportleiar. Oppmøtestad er garasjeanlegget på Dombås, med oppdrag i hovedsak Lesja, Dovre og Sel. Stillingane vil i periodar krevje køyring i heile NGR og Nord-Gudbrandsdalen. Arbeidsgjevar vil leggje til rette for gode arbeidshøve og naudsynt utstyr. Vi oppmodar kvinner til å søkje.

For meir informasjon om stillinga ta kontakt med:

Transportleiar, Knut Stene, e-post: knut.stene@ngr.no, tlf. 90368309.

Dagleg leiar, Marit Svanborg, e-post: marit.svanborg@ngr.no, tlf.  90366459

Søknad og CV kan sendast til post@ngr.no innan 01.03.2026