Oskeplager

Biletet er KI-generert

Pakk inn støv og oske

Det er høgsesong for oskeavhending, og da er det eit par ting å hugse på for den ivrige kjeldesorterar:

  1. Hugs at du må vera heilt sikker på at det ikkje er at varme eller glør i oska. Sett ho ut (godt frå husvegg) i 48 timar før du legg ho i dunken eller ein konteinar. Det er slik oske, saman med feilsorterte batteri, som utgjer den største risikoen for brann i avfallshandsaming.
  2. Pakk inn oska før du kastar ho i dunken. Laus oske er ikkje berre ei skikkeleg plage for renovatørane, men utgjer og ein stor helserisiko. Når du pakkar ho inn så bidreg du til ein bedre og tryggare arbeidskvardag. Det same gjeld for støv, sagflis og andre liknande otylegheitar. Pakk inn, dobbel knute, kast i dunken.