Nye dunkar 2026

Bilete: NGR
Nye dunkar hausten 2026
Nye dunkar til husstandane i Nord-Gudbrandsdalen er no på tur til å rullast ut. I løpet av året skal alle kommunane i NGR ha same sortering, og henteordningar for alle avfallsfraksjonar slik avfallsforskrifta krev. For Sel og Vågå kommuner blir dette ein ny dunk som skal nyttast til glas-og metallemballasje, og for Lesja, Dovre, Lom og Skjåk skal det og ut ein eigen dunk for papp, papir og drikkekartong. Det blir altså ein ny dunk for hushalda i Sel og Vågå, og to dunkar for hushalda i Lesja, Dovre, Lom og Skjåk.
Kjem desse dunkane snart?
Vi byrjar på tidleghausten med å køyre ut dunkane, og dei fyrste dunkane blir køyrt ut i Lesja og Skjåk. Dunkane vil bli plassert ut der dei til vanleg blir tømt av renovasjonsbilane. Vi vil sende ut varsel til alle husstandane i førekant, så dykk veit at vi kjem.
Når skal eg byrje å sortere i dei?
Sjølv om du har fått ny og flott dunk levert, skal dei ikkje takast i bruk før vi byrjar å køyre ruter for desse avfallsfraksjonane. Oppstart nye ruter blir på nyåret, og alle vil få nærare beskjed om når dei sett i gong. Inntil vidare må ein nytte seg av returpunkta og miljøstasjonane ei litol stund til.
Kva skal eg ha i dei nye dunkane?
Glas- og metallemballasje

I dunken for glas- og metallemballasje stiller du deg sjølv spørsmålet: Har det vore lagra mat eller drikke på denne? Er svaret ja, er det stort sett greit å leggje han i dunken. Er svaret nei, vil vi som regel ha denne ein anna plass. Syltetyglas og kaviartuber er flotte greier. Batteri, porselenskoppar og den knuste spegelen frå badet vil vi ikkje ha her. Last gjerne ned sorteringsguiden her: Glas-og metallemballasje, eller bruk rettleiaren på heimesida vår , eller hjå sortere.no.
Papp, papir og drikkekartong

I dunken for papp, papir og drikkekartong kan ein enten ringe ein ven i Sel eller Vågå. Eller så kan ein her og laste ned ein sorteringsguide: Papp og papir, bruke rettleiaren på heimesida vår , eller hjå sortere.no.
Dette får vi til, folkens! Hugs at kjeldesortering er ei fellesoppgåve for oss alle. Til flinkare vi er til å kjeldesortere, til bedre klarar vi faktisk å halde nede dei kostnadane vi har med å bli kvitt avfallet vi produserar. Og ikkje minst: halde nede trykket vårt på moder jord.
Kva om vi ønskjer å samarbeide om dunkar?
Så flott at dykk ønskjer å samarbeide om dunkar. Da blir det mindre utstyr for dykk å plassere, og enklare for oss å tømme.
Kan vi samarbeide om berre ein av dunkane?
Samarbeidsordningane skal vera slik at ein samarbeider om alle dunkane, og ikkje berre enkelte fraksjonar. Talet og størrelse på dunkar blir sett ut i frå den volumkapasiteten abonnentane skal ha ut frå gebyrsatsen dei betalar. Når ein opprettar samarbeid, blir alle i samarbeidet sett inn i lågaste gebyrgruppe.
For matavfallet er største moglege størrelsen 140 l (som dykk har), så her blir talet på dunkar likt. Plasten vil vi fortsetja å samle inn i sekk, så desse slepp dykk og å dele på.

Kvar sett vi dunkane i eit samarbeid?
I samarbeid må ein og ha ein felles hentestad, og det beste er da sjølvsagt at dunkane står fast der utanom tømmedagane og. Matavfallsdunkar kan ein jo fint trille att og fram og berre setja ut på hentedagen, men dei må og bli plassert ut til felles hentestad. Same med plastsekkar.
Kven ordnar hentestaden?
Å etablere ein felles hentestad må abonnentane ordne sjølve, men det må gjerast i samråd med NGR så vi kan seie om det er mogleg å nytte plassen dykk har funne som hentestad. Vi har store bilar som skal fram, og dei må og klare å snu. NGR er stolte av å ha særs dyktige sjåførar, men vi vil ikkje sende dei på oppdrag med livet som innsats.
Måla på dunkane finn ein her: Kildesortering – Strømbergs AS
Det er sjølvsagt ønskjeleg at alle grannane deltek i slike samarbeid. men vi har døme på at det er ein, eller to i ei grend som tviheld på eigne dunkar. Det er høveleg uproblematisk, men når ein etablerer eit slik felles hentepunkt for resten, vil den som eventuelt står utanfor samarbeidet om dunkar, og måtte trille sine dunkar til dette hentepunktet på tømmedagen.
Korleis får vi bestilt eit samarbeid?
Fyrst må dykk som vil inn i eit samarbeid einast om det. Send oss vidare ein epost, eller ein førespurnad i kontaktskjemaet om dykk ønskjer å opprette samarbeid, så skal vi rettleie dykk vidare.
Kva med oss som har felles dunkar frå før?
Alle som alt er i samarbeid om dunkar, vil få samarbeid og med dei nye dunkane. Vi er i full gong med å kartleggje alle samarbeid som ikkje tidlegare har vore dokumentert, men det er alltid ei sjanse for at noko kan bli feil når vi skal ut med 13 000 nye dunkar. Er dykk alt i samarbeid men får utdelt eigne dunkar, må dykk ta kontakt med NGR, så kjem vi og ordnar opp.
Kva med alt det eg lurar på som eg ikkje har fått svar på her?
Fyll ut kontaktskjemaet her: Kontakt oss – Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap så svarar vi så godt vi kan.