Nytt returpunkt på Bjorli

Bilete: NGR

Nytt returpunkt

Den ivrige kjeldesorterar i vår vestlege flanke på Bjorli har nok enst på at det no er kome på plass eit ganske så flott sorteringsbatteri. Dette er det fyrste av mange kommande, og eit av dei grepa vi gjer for å få på plass eitt fullverdig tilbod for kjeldesortering til fritidsbustadar i regionen vår.

På det nye (eller i røynda, utvida) returpunktet på Bjorli, kan no hyttefolket sortere avfallet sitt i restavfall, glass- og metallemballasje, papp/papir og plastemballasje. Vi jobbar og for å få på plass matavfallsortering før det blir kvitt på bakken.

I tida framover vil dykk sjå at renovasjonsordninga for fritidsbustadar vil endre seg i denne retninga. Vi vil få færre, men større returpunkt, slik at vi kan kan ha full kjeldesortering for fritidsbustadar på lik linje som fastbuande. Dette er lovpålagte krav, og for å kunne drifte renovasjonen forskriftsmessig, men samstundes innafor ei fornuftig kostnadsramme, er det å samle returpunkta i nokon grad, eit godt steg inn mot framtida.

Fylgj med, så blir det snart betre sortering også rundt di eiga hytte.