Nye Myrmoen er no open!

Bilete: NGR

Gratulerer med dagen!

I dag har vi endeleg opna nye Myrmoen miljøstasjon. Etter flotte ord frå styreleiar i NGR, Bjarne Eiolf Holø og ordførar i Sel, Eldri Siem, svingte ordføraren saksa og erklærte miljøstasjonen for open.

Mottaksleiar på anlegget, Terje Vardsveen, ba vidare alle gjestane på kaffe og kake, før sorteringa verkeleg kunne setja i gong på det nye, flotte anlegget Sel kommune har bygd.

Opningstider på nye Myrmoen er som før: Tysdagar og torsdagar 12:00 – 18:00, men sorteringsglade innbyggjarar vil nok ikkje kjenne att så mykje anna. Ta turen, så blir du kjent etter kvart 🙂

Vi ønskjer alle velkomne i tida framover til eit tipp-topp moderne anlegg i Sel.