Personvernerklæring

for Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap IKS (NGR)

1. Om NGR, ansvar og førmål

Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap IKS (NGR) er eigd av kommunane Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Lesja og Dovre. Føremålet til selskapet er å sørgje for ei miljømessig, teknisk og økonomisk forsvarleg avfallshandtering i eigarkommunane, med minst mogleg samla klimautslepp.

Hovudoppgåva til NGR er å sørgje for innsamling, mottak og handsaming av hushaldsavfall for eigarkommunane. Dette er ei lovpålagt oppgåve som kommunane har einerett på. NGR engasjerer seg også i marknaden for bedriftsavfall. Dagleg leiar har ansvaret for at personopplysningar blir handsama i tråd med lovverket.

2. Kva slags personopplysningar handsamar NGR?

For hushaldsrenovasjon er det eigarkommunane som fører register over abonnentar, fastset og fakturerer gebyr, og som handsamar klager. NGR hentar ut delar av desse opplysningane for å kunne utføre sine tenester.

NGR handsamar hovudsakleg kontaktinformasjon for privatpersonar (hushaldsabonnentar), for bedrifter som er kundar i selskapet, samt for leverandørar og samarbeidspartnarar. Døme på slik informasjon er namn, adresse, e-postadresse og telefonnummer. For hushaldsabonnentar må også opplysningar om abonnementsstorleik innhentast.

For tilsette handsamar og lagrar NGR meir omfattande informasjon, som arbeidsavtalar, oversikt over kompetanse, time- og lønningslister, informasjon om sjukemeldingar og fråvær, møtereferat m.m. NGR kan bruke kameraovervaking for dokumentasjon av aktivitet på innsamlingsruter og ved mottaksanlegg.

3. Kvifor handsamar NGR personopplysningar? (Føremål)

NGR handsamar personopplysningar for å kunne levere tenester som eigarane, hushaldsabonnentar og bedriftskundar forventar, og for å kunne oppfylle andre forpliktingar selskapet har.

4. Behandlingsgrunnlag (heimel)

NGR må ha eit lovleg behandlingsgrunnlag for å kunne handsame personopplysningar.

Grunnlaget for handsaminga er for å oppfylle ei rettsleg forplikting som eigarkommunane har overfor hushaldsabonnentar (jfr. artikkel 6, 1c i personvernforordninga), for å oppfylle ei avtale med bedriftskundar, samarbeidspartnarar og leverandørar (jfr. artikkel 6, 1b i personvernforordninga), og for å utføre lovpålagde oppgåver knytt til tilsette (jfr. artikkel 6, 1e).

NGR kan også be om samtykke der det er aktuelt (jfr. artikkel 6, 1a).

Kven brukar personopplysningane?

Tilsette i NGR har tilgang til personopplysningar etter behov i tenesta, det vil seie når opplysningane er naudsynte for at den tilsette skal kunne utføre arbeidsoppgåvene sine. NGR utvekslar informasjon med styresmakter der det er pålagt, og med samarbeidspartnarar der det er nødvendig for å oppfylle selskapet sine forpliktingar. NGR sender ikkje personopplysningar ut av landet.

6. Interne rutinar og tryggleik

NGR har rutinar for å sikre korrekt handsaming av personopplysningar. Personopplysningar blir lagra og handsama i IKT-system og programvareløysingar med innebygde tryggingskrav. Tilgang til systema er avgrensa med krav til innlogging og bruk av passord.

Lagring av kontaktinformasjon på papir skjer i bygningar og rom med tilgangskontroll.

7. Arkivering og sletting

Personopplysningar blir lagra så lenge det er behov, og vil deretter bli sletta. I nokre tilfelle inngår personopplysningar i saker der det er behov for å lagre dei for ettertida. Personopplysningane vil då ikkje bli sletta, men vil bli lagra som ein del av saksopplysningane.

8. Dine rettar etter personopplysningslova og personvernforordninga (GDPR)

Alle personar som NGR har registrert personopplysningar om, har rett på innsyn i det som er registrert om dei. Dersom du meiner at opplysningane er feil, kan du krevje at opplysningane blir retta. Dersom du meiner at NGR oppbevarer personopplysningar om deg på ein urettmessig måte, har du rett til å be om at opplysningane blir sletta.

NGR svarar på krav om innsyn innan 30 dagar. Det er laga eit skjema som kan brukast ved slike førespurnader. NGR tek ikkje betalt for å gje slik informasjon.

9. Elektroniske spor

Når du besøkjer nettsidene til NGR, legg du att elektroniske spor. Nettlesaren din sender automatisk opplysningar til våre system når du ber om å få vist ei side. For kvar side du opnar, blir det registrert kva side du ser på, dato og tid, kva nettlesar du brukar, og IP-adressa til datamaskina di. IP-adressa blir ikkje lagra, og opplysningane blir ikkje brukte til å identifisere deg som person.

Når du er på nettsidene til NGR, blir det brukt informasjonskapslar («cookies»). Informasjonskapslar er små filer med informasjon som blir liggjande att på datamaskina di for at tenesta og nettsida vår skal verke best mogleg (sikre god funksjonalitet). Det medfører ingen risiko for deg som brukar, og denne informasjonen blir ikkje nytta til andre føremål. I dei fleste tilfelle kan funksjonen slåast av i nettlesaren din.