Kjeldesortering: kva skal kvar
For å kunne utnytte avfallet på best mogleg vis, er det viktig å ha høveleg einsarta, og reine avfallsfraksjonar. Den enklaste, og mest effektive måten å gjere dette på, er å sortere det der avfallet produserast. Eller ved kjelda, om du vil.
Med litt innsats frå deg, vil avfallet ditt bli til råvarer som vi, og generasjonane etter oss vil ha glede av.
Kjeldesortering heime
Som abonnent hjå oss kjeldesorterer du fire typer avfall i eigne dunkar eller sekker heime hjå deg: matavfall, plast, glas og metall, papp og papir, samt restavfall. Det er ikkje henterute for absolutt alle avfallstyper i samtlege kommunar enno. Hugs at du også kan levere fleire typer avfall på den lokale miljøstasjonen eller på eitt av dei mange returpunkta i kommunen din.
Matavfall
- Henterute i alle kommunar.
- Matavfall sorterast i eigne bioposar frå NGR.
- Knyt att posane med dobbel knut, og legg han i dunken.
- Ikkje bruk «vanlege» plastposar om du blir tom, men hent deg nye på miljøstasjonane, kommunehuset, eller på nokre av daglegvarebutikkane.
Matavfallet går til eit bioanlegg som produserer råvarer til mellom anna biogass.
Papp og papir
- Henterute i Vågå og Sel.
- Returpunkt i Skjåk, Lom, Lesja og Dovre.
- Må vera rein og tørr. Er det tilgrisa eller blautt, kastar du det i restavfallet.
- Pass og på at det er eitt reint produkt, og ikkje er samansett med plast, voksdekt eller liknande.
- På henteruter og returpunkt kjeldesorterer du papp, papir og drikkekartong blanda, men på miljøstasjonane vil vi ha dei kvar for seg.
Papp og pair blir materialgjenvunne og blir til nye produkt.
Plastemballasje
- Henterute i alle kommunar.
- Plastemballasjen skal vera rein og tørr.
- Legg plasten i sekken frå NGR, knyt sekken med dobbel knute, og sett han fram på hentedagen.
- Nye sekker til plastemballasje kan du hente på miljøstasjonane og kommunehusa.
Plastemballasje blir materialgjenvunne og blir til nye plastprodukt.
Restavfall
- Henterute i alle kommunar.
- Restavfallet er det avfallet som blir att når du har sortert alt som kan gjenvinnast. Med litt innsats skal du sjå at dunken din for restavfall blir mykje lettare.
- I restavfallet vi hentar heime hjå deg, vil vi berre ha brennbart, ikkje-gjenvinnbart avfall som får plass i dunken din.
- Anna slags restavfall kjeldesorterer du på miljøstasjonen.
Restavfall går til energigjenvinning. Her får vi nytta energien i avfallet til å produsere til dømes varme.
Glas- og metallemballasje
- Leverast på returpunkt eller miljøstasjonen.
- Her skal du merke deg ordet emballasje.
- Andre produkt av glas og metall kan øydelegge for gjenvinninga. Desse kjeldesorterer du på miljøstasjonane.
- Har du sjekka om det er emballasje, og han/det er tom for restar? Da er han/det klar for sortering.
- Glas- og metallemballasje blir materialgjenvunne, og blir til nye produkt.
Korleis kjeldesortere på miljøstasjonen din?
På miljøstasjonane våre kjeldesorterer du omtrent alle typar avfall du kan tenkje deg. Det einaste vi ikkje vil ha er: Eksplosiv/ammunisjon, radioaktivt avfall og medisinar.
Mange fraksjonar er dekt gjennom renovasjonsgebyret, og er gratis å levere, men nokre ting må du betale for, sjå prislista for utfyllande informasjon.
Når du skal på miljøstasjonen, kan det vera lurt å sortere avfallet ditt før du reiser. Da sparar både du og oss mykje tid( og sannsynlegvis mange steg) når du er på stasjonen.
Dette kjeldesorterer du på miljøstasjonane
- Plast: Blanda plast, hard plast.
- Grovavfall: Byggavfall, møbler, større einingar, avfall til
- sortering
- Isopor (EPS): Emballasje av EPS
- Treverk: Alle typer treverk.
- Impregnert treverk: Kreosot-, og trykkimpregnert treverk
- Jern og metall: Alle typer metall og legeringar.
- Gips: gipsplater, heile og avskjær
- Mineralull: Glava, rockwool og Anna type isolasjon
- Park/hageavfall: kvist, lauv, gras
- Framande arter: Svartelista planter-desse skal i
- restavfallet.
- Reine/inerte masser: Keramikk, porselen, betong, stein,
- speil-, og vindaugsglas.
- Klede og tekstiler til ombruk: Klede og sko som kan
- nyttas oppatt.
- Tekstilavfall: Tekstiler som ikkje kan ombrukast.
- Farleg avfall: Måling, spillolje, kjemikaliar, sprayboksar, sprøytemiddel osv..
- EE-avfall: Kvitevarer og småelektronikk av alle slag, kabler.
- Ljospærer, og Ljosrøyr
- Batteri: Batteri av alle slag.
- Bildekk: Med og utan felg.
- Vindauge med PCB
- Asbest
- Papp
- Papir
- Drikkekartong
- Restavfall
- Små fritidsbåtar
- Landbruksplast