Befaring på nye Myrmoen

Bilete: NGR/Terje Vardsveen

Stor framdrift på nye Myrmoen

Stamgjestane våre på Myrmoen har nok fått med seg at det er stordrift på utsida av gjerdet. Her byggjer Sel kommune ny miljøstasjon til ivrige kjeldesortererar, og framdrifta har no vore så stor at vi måtte ta oss ein tur for å glytte litt på det valdsamt flotte prosjektet.

Arbeidet har så langt gått så det blés, og Odd Magne Sletten frå Bakken Bygg kan fortelja at dei no ligg ein heil månad før skjema.

Bilete: NGR

Nye myrmoen blir eit avfallsmottak i all hovudsak for hushalda, men med full sortering av alle tenkjelege avfallsfraksjonar ein klarar å produsere i ein heim. Med det kommande takoverbygget, skal det bli ei trivelegare seanse å levere avfallet sitt om det er litt ruskete i været og.

Illustrasjon: Norconsult

Alle i NGR gler seg stort til å flytte inn, og når ein ser kor fort stasjonen reiser seg er det snart berre for ordføraren å kvesse saksa si, så satsar vi på ein flott opningsdag på seinsumaren.