Ledige stillingar i NGR!

Prosjektstilling – vil du vere med å effektivisere og digitalisere drifta i NGR?
Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap IKS (NGR) lyser ut ei mellombels stilling frå snarast.
Vi søkjer ein framoverlent og nytenkjande person, med gode digitale ferdigheiter og med kjennskap til NGR. Stillinga er 100% stilling som prosjektmedarbeidar i NGR. Stillinga er mellombels frå snarast – 1.04.2028.
Kvalifikasjonar:
- Inneha kompetanse frå IKT, digitalisering og prosjekt (Utdanning, kurs eller fagbrev og erfaring).
- Erfaring fra digitaliseringsprosjekt, kvalitetsarbeid og bruk av IKT.
- Gjerne ha kjennskap til renovasjonsbransjen.
- Inneha B førarkort.
- Gode digitale ferdigheiter og lett kunne jobbe i ulike program og utstyr.
- Fleksibel, positiv og serviceinnstilt.
- Meistre å jobbe sjølvstendig, men samstundes kunne samarbeide godt med andre, og på tvers av avdelingar.
- Initiativrik og løysingsorientert
- Læreviljug og lærenem, men og kunne formidle eigen kunnskap.
- Sans for orden og struktur
- Personleg skikka.
Arbeidsoppgåver:
- Digitaliseringsarbeid.
- Utstyrsregistrering, lagerføring og datafangst.
- Feltarbeid ute i heile Nord-Gudbrandsdalen – registrering av til dømes behaldarar, konteinarar osv.
- Opplæringsarbeid av digitale systemer i organisasjonen.
- Kvalitetsarbeid.
Vi byr på:
- Ei ny og spennande prosjektstilling i ein bransje i utvikling og vekst.
- Godt arbeidsmiljø med trivelege medarbeidarar.
- Lønn etter avtale.
- Gode pensjon- og forsikringsordningar.
- Opplæring og kursing.
Stillinga vil ligge organisatorisk under driftsleiar. Oppmøtestad er kontoret på Dovre/Dombås, men stillinga krev varierte oppmøtestader innad i NGR og Nord-Gudbrandsdalen. Arbeidsgjevar vil leggje til rette for gode arbeidshøve og naudsynt utstyr. NGR held bil ved mykje køyring.
For meir informasjon om stillinga ta kontakt med:
Driftsleiar, Tom André Hånsnar, e-post: tom.andre.hansnar@ngr.no, tlf. 48038444
Dagleg leiar, Marit Svanborg, e-post: marit.svanborg@ngr.no, tlf. 90366459
Søknad og CV kan sendast til post@ngr.no innan 22.02.2026
Vi søkjer 3 serviceinnstilte renovatørar / sjåførar i faste 100% stillingar.
Arbeidsoppgåvene
- Innkøyring av hushaldnings- og bedriftsavfall i Nord-Gudbrandsdalen.
- Lett vedlikehald av bilane.
- Dokumentasjon av varer, kvalitet og avvikshandsaming.
- Drive kundekontakt og leggje til rette for riktig kvalitet av innsamla avfall
- Andre oppgåver frå arbeidsgjevar.
Kvalifikasjoner
- Førerkort i klasse C eller CE og godkjent YSK.
- Fagbrev innan transportfaget eller gjennvinningsfaget, eller at du er villig til å ta slikt fagbrev.
- Kranførarbevis G8, eller at du er viljug til å ta dette.
- Kompetansebevis M2, M4, T4 er eit føremon.
- At du er serviceinnstilt, fleksibel og positiv.
- Får jobben gjort.
- Er ryddig og omgjengeleg.
- Kunne jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre.
- At du har grunnleggjande digitale ferdigheiter.
- Må kunne godt norsk skriftleg og muntleg.
- Personleg skikka.
Vi tilbyr:
- Fast stilling i ei bransje i vekst og omstilling.
- Eit arbeidsmiljø med godt humør, servicefokus og fleksibilitet.
- Ny oppmøtestad med nytt garasjeanlegg og vaskehall samlokalisert med kontoravdeling på Dombås i løpet av 2026.
- Opplæring vil bli gjeve.
- Lønn etter tariff.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Stillinga vil ligge organisatorisk under sjåførformann Gudbrandsdalsida og transportleiar. Oppmøtestad er garasjeanlegget på Dombås, med oppdrag i hovedsak Lesja, Dovre og Sel. Stillingane vil i periodar krevje køyring i heile NGR og Nord-Gudbrandsdalen. Arbeidsgjevar vil leggje til rette for gode arbeidshøve og naudsynt utstyr. Vi oppmodar kvinner til å søkje.
For meir informasjon om stillinga ta kontakt med:
Transportleiar, Knut Stene, e-post: knut.stene@ngr.no, tlf. 90368309.
Dagleg leiar, Marit Svanborg, e-post: marit.svanborg@ngr.no, tlf. 90366459
Søknad og CV kan sendast til post@ngr.no innan 01.03.2026