Litt om renovasjonsgebyret
Renovasjonsgebyret du som hushaldningsabonnent (hus- og hytteabonnement)betalar dekkjer ei rekke lovpålagte tenester, alt frå å hente avfallet, tilrettelegging av behaldarar og konteinarar, transport og behandlinga av avfallet vidare, til at du kan levere ei rekke avfallstypar gratis på ein miljøstasjon nær deg. Renovasjonsgebyret er det ingen som skal tene noko på, men speglar einast dei reelle kostnadane som høyrer til det å ha renovasjon.
Klima- og miljøverndepartementet har gjennom avfallsforskrifta bestemt at alle kommunar skal sørgje for at det vert sortert ut matavfall, plast, papp og papir, glas- og metallemballasje, park- og hageavfall og tekstil ut av hushaldningsavfallet, i tillegg til alle andre fraksjonar på miljøstasjonen. Dei har også sett krav til korleis avfallet skal hentast inn og kor mykje som minimum skal sorterast ut. Målet er at vi skal auke ombruken, og ta ned bruken av dei sparsommelege ressursane av råvarer vi har tilgjengeleg. Tilbodet og krava innan renovasjon er i stor endring og dette er hovudårsaka til at renovasjonsgebyret går opp i heile Noreg.
- Renovasjonen i Nord-Gudbrandsdal gjekk som ein av dei siste i landet over frå sekkerenovasjon til dunkerenovasjon i 2025. Dette medførte ei større endring av tenesta. Det blei kjøpt inn nye renovasjonsbilar, nye behaldarar, nye avtaler og behandlingsutgifter med matavfall og etablert nye henteruter.
- Den statlege forbrenningsavgifta for restavfall aukar. Dette er ei statleg CO2-avgift som utgjer langt over 2MNOK berre i Nord-Gudbrandsdalen, og som må dekkjast inn gjennom renovasjonsgebyret.
- Det har også vore underdekkjing i sjølvkostområdet renovasjon i 2023, 2024 og 2025. Dette gjer at kommunane pliktar å dekkje inn underskot i sjølvkostområdet, men renovasjonsgebyret i 2026 dekkjer ikkje inn, eller i liten grad inn dette, men må bli dekt inn over 5 år.
- NGR har som alle andre generelle lønns- og kostnadsaukar i tillegg til større auke innan behandlingsavgifter på avfall og transportutgifter og avtaler.
- Nye behandlingsutgifter med blant anna tekstil.
- Ulike naudsynte investeringar
- Rente og avskrivingskostnadar aukar som følge av høgare gjeld dei siste åra.
- Hytte- og fritidsbustadar skal og kjeldesortere i same fraksjonar som hushalda. Difor må denne tenesta og utviklast vidare opp frå dagens nivå.
- Sjå på ein sjeldnare hentefrekvens på fleire avfallstypar; difor hentar vi blant anna matavfall sjeldnare i vinter.
- Effektivisere drifta, ruteoptimalisering og digitalisere meir.
- Jobbe mot færre og større hytterenovasjonspunkt med kjeldesortering.
- Fornye bilpark og anna driftsutstyr for å redusere vedlikehaldskostnadar.
- Jobbe med gode samarbeid og avtaler.
- Bygge ut sensorteknologien enda meir.
- Jobbe med å ha like løysinger i 6 kommuner.
- Arbeide med kvalitetssystem og avvikshandsaming.
- Samstundes har NGR og kommunane store krav å fylle i åra framover med kjeldesortering i hytterenovasjonen, modernisering av miljøstasjonar og fylle dei krava som kjem frå alle kantar.
- Kjeldesorter betre: Sorter så mykje som mogleg av glass/metall, plast, papp/papir og matavfall, slik at du får mindre restavfall. Kjøp mindre av det du ikkje treng og kanskje kjøp noko brukt?
- Vel mindre behaldar og abonnement og få redusert renovasjonsgebyr (gjeld ikkje hytteabonnement): Få mindre restavfall ved god sortering, slik at du kan ha ein mindre behaldar, som er billigare. Kontakt kommunen og bestill mindre abonnement. Minste abonnement har 140 L restavfallsdunk.
- Del behaldarar med naboen: Del avfallsbehaldarar med naboen for å effektivisere henting. Dette byrjar å bli populært og dette sparar tid i henterutene og også plass hjå deg. Lag avtale med naboen og kontakt NGR ngr@post.no
- Sett fram rett avfall til hentedag seinast kl 07.00 på hentedagen, og maks 5 meter fra vegen. Hald deg oppdatert med appen Min renovasjon eller hentekalenderen på www.ngr.no
- Fjern hindringar: Sørg for å måke snø, strø, kvist vegetasjon inntil kjørevegen ved behov slik at vegen er kjørbar på tømmedag, da går hentingen raskt