Nye dunkar og samarbeid
Nye dunkar for glas- og metallemballasje og papp/papir/drikkekartong
I løpet av 2026 kjem det nye dunkar til alle hushalda (ikkje fritidsbustadar)
- I alle 6 kommunane får hushalda 1 dunk (140 l) til glas- og metallemballasje. Denne vil ha turkis farge på lokket.
- I Lesja, Dovre Lom og Skjåk vil hushalda og få 1 dunk (240 l) til papp, papir og drikkekartong. Denne vil ha blå farge på lokket. Hushalda i Sel og Vågå fortsett med sin papirdunk som i dag.
Om du ønskjer, er det mogleg å samarbeide med grannane for å redusere antal dunkar. Ta kontakt med din kommune, eller NGR (etter at du har prata med grannane dine). NGR vil koordinere størrelser og antall på fellesdunkar. Dei som allereie samarbeidar i dag, vil og få samarbeid med nye dunkar.
Utplassering og oppstart
Dei nye dunkane vil bli køyrt ut frå om lag 1. august og utover hausten, men vil ikkje bli tømt før vi startar opp henterutene fyrst i 2027.
Hentefrekvensen er no planlagt til å bli 4. kvar veke for papp/papir, og om lag 12. kvar veke for glas-og metallemballasje.

