Nye renovasjonsbilar

en renovasjonsbil fra ngr med logo på siden
For å kunne handsame innkøyringa av fleire avfallsfraksjonar mest mogleg effektivt, har vi no kjøpt inn nye renovasjonsbilar. Desse har eitt påbygg med fleire kammer, og vi kan såleis hente inn fleire fraksjonar på same køyrerute, samstundes som vi held avfallsfraksjonane reine og fråskilde. Dette vil og hjelpe til å halde driftskostnadane nede sjølv om vi no må køyre inn fleire avfallsfraksjonar.   

Dei nye bilane er komne i grevens time, og dei to fyrste vil vera ferdig registrert i løpet av romjula. Klare til å hente inn resultatet frå ivrige kjeldesorterarar frå oppstart av ny ordning 01.01.2025.  
 
Hugs at du kan setja opp varsling om når vi køyrer innom hjå deg i Min Renovasjon!