Posar til matavfall i butikk

Foto: NGR
Du kan no hente deg nye rullar med posar til matavfall og plastemballasje gratis i dei aller fleste daglegvarebutikkar i regionen vår. Det er og mogleg å hente seg ut poserullar på miljøstasjonene. Sjå i lista lenger ned for å finne din nærmaste butikk.

Hugs at matavfallsposar er ferskvare, så det er best å hente seg ut ein rull av gongen. Båe posetypane er einast for hushaldningsrenovasjon. Er du næringsdrivande og treng posar, er det berre å kontakte oss, så skal vi hjelpe deg.

Skjåk:

Bunnpris Bismo

Coop Extra Skeimo

Coop Prix Bruvoll

Lom:

Coop Extra Lom

Coop Prix Bøverdalen

Kiwi Lom

Vågå:

Coop Extra Vågå

Coop Prix Lalm

Kiwi Vågå

Sel:

Bunnpris Otta

Coop Ekstra Otta

Jernia Otta

Joker Nord-Sel

Kiwi Heidal

Kiwi Otta

Rema 1000 Otta

Sjoa Mat

Dovre:

Bunnpris Dombås

Coop Extra Dombås

Coop Prix Dovre

Kiwi Dombås

Lesja:

Bunnpris Bjorli

Bunnpris Lesjaskog

Joker Lesja

Nærbutikken Lesjaverk