Tekstilar og klede

Ombruk, omvinning og restavfall

Tekstilar og klede du leverar på miljøstasjonane skal no sorterast inn i tre kategoriar:

  • Ombruk: Dette er tekstilar, eller klede som kan nyttast vidare som dei er.
  • Tekstilavfall: Dette er tekstilar, eller klede som kan materialomvinnast. Krava for å kunne gjera om tekstila til nye råvarer er høge. Det er stort sett avgrensa til tekstilar av einsarta form, altså 100% ull/bomull, eller liknande. Dei må og vera reine og tørre. Er dei til dømes tilgrisa av oljeflekkar, kan dei ikkje nyttast i materialomvinning.
  • Restavfall: Dette er tekstilar/klede som ikkje kan nyttast opp att som dei er, ikkje kan materialomvinnast, eller er skitne/våte.

Hjå NGR leverar du klede til ombruk og materialomvinning i same bur. Om du tek deg tida til å sortere dei i to posar, er det sjølvsagt det aller beste, og vil spare tid og pengar for oss ( Og hugs: kvar krone spara for oss, er ei krone spara for deg 😉 ) Alle tekstilar/klede til ombruk/materialomvinning må leverast i attknytt, gjennomsiktig pose. Ikkje gjennomsiktige sekkar vil bli avvist, og handsama som restavfall.

Tekstilar/klede som ikkje tilfredsstillar krava til ombruk/materialomvinning skal leverast som restavfall.

Sjå sorteringsrettleiaren for meir informasjon, eller ta ein prat med dei dyktige omvinningsarbeidarane på stasjonane våre.

Takk for at du sorterar!