Vinter og jul i NGR 2

Jula nærmar seg, og da skyt forbruket vårt i veret. Naturlegvis aukar og avfallsmengdene og det blir enda viktigare å kjeldesortere avfallet sitt (sjølv om det er superviktig frå før). Jula kan og by på typar avfall vi ikkje ser så mykje til elles i året, så vi vil gje deg nokre gode tips du kan ta med inn i tida med sylvgutar, ribbe og hovmeistrar.
Gåvepapir
Glansa gåvepapir og gavebånd kan vi ikkje omvinne, så desse kastar du i restavfallet. Gåvepapiret inneheld faktisk så lite papir at vi nesten burde gjeve det eit anna namn. Kanskje du kan bruke opp att ein pappask, eller heller nytte papir i naturmateriale til å pakke inn gåvene? Dei eldre av oss kjem nok godt i hug at ein ofte tok vare på det flotte papiret og nytta det fleire gonger. Slike gode vaner kan vi nok bli flinkare til å halde på. Om gåvehaugen i år er ekstra stor og det blir fryktelege mengder med gåvepapir, kan det nok vera greit å samle det opp til ein tur på miljøstasjonen over jul.
Ljoslenker, batteriljos og anna småelektronikk
Dette veit vi, folkens. Slike ting skal absolutt ikkje i restavfallsdunken. Dette er lett omvinnbare varer, og dei ressursane vi har på planeten for å produsere slikt er ikkje fornybare. Dette gjeld alt som er dreve av straum. Det festlege slipset med blinkande ljos, eller kortet som spelar musikk er og elektronikk og må sorterast som det. Du kan levere dette på miljøstasjonane, eller i ein butikk som sel slike produkt.
Batteri
Det er ikkje berre viktig for miljøet og ressursane våre å ikkje kaste batteri i restavfallet. Dei er og frykteleg brannfarlege, og kan leie til brannar i renovasjonsbilane, eller anlegga. Eit lite batteri kan leie til brannar med skadar i mangemillionersklassa. Vi tek i mot alle slag av batteri på miljøstasjonane våre, og småbatteri kan du og levere inn i daglegvareforretningar.
Øydelagde julekular av glass/plast
Desse kan du kaste i restavfallet. Dei høyrer ikkje heime i glass-/metallemballasje eller plastemballasje. Om heile juletreet har velta så du har store mengder, kan du gjerne ta dei med til miljøstasjonen.
Et opp maten din, gut
Det er ofte duka for overflod i jula, og alle fat skal vera breiddfulle. Vi nordmenn kastar ofte meir mat i jula enn elles, men mykje av julematrestane kan du fint trylle om til nye rettar. Har du til dømes høyrt om ribbetaco?
Oske
Oska frå omnen må du ikkje finne på å kaste i restavfallet før det har gått minst 48 timar. Ho kan sjå ut som ho er utbrent, men kan fint ha glør i seg i lange tider etter du har teke ho ut. Pakk ho og inn i ein pose så renovatørane våre slepp å få ho i fleisen når dei tømmer dunkar og konteinarar.
Teljoshaldarar
Desse er av aluminium og dei kan du kaste i glass-og metallemballasje. Hugs å trykkje laus veikehaldaren av stål før du kastar dei. Visste du forresten at det å omvinne aluminium krev berre 5% av ressursane det krev å lage ny?
Våre venar hjå sortere.no har og laga ein eigen sorteringsguide for jula. Her kan du finne svar på alt mogleg du undrar på:
Julens sorteringsguide – Sortere
Renovasjonsruter og opningstider i jula
Hugs og at vi har gjort endringar på renovasjonsrutene inn mot, og i romjula. Miljøstasjonane våre held og stengt til over nyttår. Du kan lese meir om det her: Vinter og jul i NGR – Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap
NGR ønskjer dykk alle ei gledeleg, og fredeleg jul.