Driftsmeldingar

Driftsmelding 27.01.25

Tekniske problem

Vi har trøbbel med to bilar, så rutene på Vågå i dag vil vera litt forseinka. For å få køyrt rutene som planlagt i dag må vi i større grad nytte oss av einkamra renovasjonsbil, og må difor diverre blande i saman noko av det sorterte avfallet og køyre det inn som restavfall. Vi håpar på å få retta opp problema så fort som råd, og kan køyre som vanleg seinast frå og med i morgon.

Driftsmelding 17.12.24


Renovatørane våre har jobba lengje for harde livet med å køyre ut dunkar, byte lokk, og dele ut matavfallsposar. Arbeidet fortsett utover nyåret, så har ikkje dunken din fått bytt lokk enda, eller du har feil størrelse, står du nok snart for tur. Kapasiteten vår er høveleg sprengt for tida, så det kan gå noko tid frå vi får melding, til høvet er retta. Takk for tolmodet. 
Send oss gjerne ei melding om du manglar noko, eller har feil dunk og ikkje har meldt frå enda. 

Driftsmelding 17.12.24

Det blir køyrd ekstra restavfallsruter i enkelte område 2. og 3. januar. Dette gjer vi for å koma på skot med dei nye henterutene, og at det ikkje skal bli for lengje å vente på tømming av restavfall for dei det gjeld.  

Sjå kalenderoppsett, eller Min Renovasjon for meir informasjon. 

Driftsmelding 17.12.24

Digital hentekalender er no oppe og går. Finn du ikkje registrerte tømmedatoar for di adresse er det fint om du gjev oss beskjed om dette så vi får retta det opp i våre system. (Inntil vidare kan du eventuelt setja inn adressa til grannen din 😊)