Månedlige arkiver: juni 2014

Hederskar på Vågå miljøstasjon!

Ole Langleite har i mange år hatt ansvar for papp-handteringa på Vågå miljøstasjon. Arbeidet han har gjort med å legge saman pappkasser i korger, har spart NGR for betydelege transportkostnader, og sikra at det vart levert papp av beste kvalitet.

 

Men Ole har fått helseplager, og han har difor nå fått avløysing av 2 store presscontainere (som kvar tek 4 tonn), som NGR har kjøpt for pappen i Vågå. Likevel passar Ole fortsatt på at det berre blir kasta rein og fin papp i containeren!

 

Det er kostbart å halde 6 miljøstasjonar i drift i NGR-området, for berre 19 300 personar. Og investeringa i Vågå nå for papp-avfallet utgjer eksempelvis 0,3 mill. kr. Alle renovasjonskostnadene skal dekkast inn over renovasjonsgebyret, og ein betydeleg del av dette går nå til investering og drift på miljøstasjonane.

 

Det er gratis for hushaldningane å levere gjenvinnbart avfall på miljøstasjonen. Men gebyret er lagt på restavfallet, differenisert i 3 grupper etter kor mange sekkar som blir levert (24, 36, 48-abonnement.)  Sjølv om ein abonnent leverer lite restavfall, må likevel kostnadene på miljøstasjonane også dekkast opp av dette gebyret.