Dette kan du levere

Hushaldningar som sorterer avfallet kan få levert det meste av gjenvinnbart avfall og farleg avfall gratis til miljøstasjonen.

Bedrifter kan levere avfall til miljøstasjonen mot betaling.

 

Prisliste hushaldningar: Prisliste 2022 husholdningsavfall inkl mva

Dersom det er vekt tilgjengeleg på miljøstasjonen, blir det betalt etter vekt. Hvis ikkje, blir det betalt etter volum (m3). Bruk helst betalingskort! (Skal du ha tilsendt rekning blir det kr. 50,- i ekspedisjonsgebyr).

 

Sortert avfall som hushaldningane kan leverast gratis*:

*) gratis for husstandane (tenesten er allereie betalt gjennom det kommunale renovasjonsgebyret)

Papir Aviser, vekeblad, brosjyrer o.l. Papiret skal vera reint og tørt. (NB: julepapir er restavfall). Bruk ikkje snøre til innpakking, men lever papiret laust i pappesker el.l.
Papp Bølgepapp, massivpapp, pappkasser, brunt omslagspapir, pizzaesker o.l. Pappen skal vera rein og tørr.
Drikkekartong Mjølkekartong, dessertkartong, juicekartong o.l.
Glas- og
metallemballasje
Reingjort glas- og metallemballasje til mat- og drikkevarer. Klart og farga glas kan blandast. (Ikkje: porselen, keramikk, leirpotter, vindusglas, målingsboksar)
 Plast

Plastemballasje frå hushaldningar skal væra rein, tørr og pakka i perforerte og gjennomsiktige sekker.  Sjå rettleiar for sortering.

Hushaldningar kan òg levera enkelte typer hardplast til gjenvinning. Sjå rettleiar for sortering.

 Klede/tekstilar Klede, tekstilar og sko. Skal vera pent brukt, reint og tørt. Pakka i plastsekk. (Sekken blir ikkje opna før den kjem til FRETEX i Trondheim)
 Hageavfall Organisk hageavfall som gras, lauv, greiner og røter (reinsa for stein)
 Bildekk  Dekk utan felg
 Blybatteri Vanlege blybatteri for bil, traktor, solcellepanel o.l.
 Farleg avfall

(Farleg avfall som til vanleg oppstår i ei hushaldning. Ikkje bygg- og rivingsavfall) Måling, lim, spillolje, oljefilter, oppladbare batteri, lysrør, sparepærer o.l  (tomme målingsboksar er jern/metall). (Mottek ikkje: medisinar, smittefarlege stoff og eksplosivar).

Ei samla mengde farleg avfall på inntil 1000 kg pr år pr abonnent (eller den mengda nye forskrifter beskriv) er gratis. Denne mengda omfattar også asbest og impregnert material. mengde ut over dette skal betalast til vanleg pris.

Kvitevarer/EL-avfall Alle typar elektriske artiklar, TV, data, kabel osv.
Jern/metall Reint metallisk materiale, som jern, metall, aluminium o.l.

 

 

Vil du sjå korleis avfallet blir behandla, finn du det på denne linken:  Avfallsbehandling