Avfalls-behandling

Dette er Statkraft  Varme AS sitt  forbrenningsanlegg  på Heimdal.  200 000 tonn restavfall  blir her omgjort til 440 000 000 kWh  (440 GWh) varmeenergi pr.år.  

NGR leverer vel 7 000 tonn restavfall pr. år til Statkraft Varme i Trondheim og til Eidsiva Bioenergi as på Hamar . Det utgjer 6 vogntog kvar veke. 

Energiutbyttet av restavfallet frå NGR utgjer ca.15 000 000 kWh (15 GWh).  Dieselforbruket ved å frakte NGR sitt avfall til forbrenning utgjer ca. 65 000 liter. Brukt til oppvarming ville denne dieselen gjeve ca. 500 000  kWh varmeenergi. Sagt på annan måte: berre  3,3  % av energien som er  i avfallet går med til transporten.

NGR  har heilt sidan år 2000 levert alt restavfall , inkludert matavfall ,til forbrenning.

Nedanfor ser du kvar NGR leverer ulike avfallstypar, kor store mengder det er, og kva dei blir brukt til. Vil du veta meir om kva som skjer med avfallet, er det lagt inn linkar til mange av behandlingsanlegga.

Restavfall

NGR leverer årleg 7 000 tonn restavfall (inkludert matavfall) til Statkraft Varme AS sitt forbrenningsanlegg på Heimdal og til Eidsiva Bioenergi as på Hamar . 1 kg avfall gjev ca. 2,2 kWh varmeenergi i form av varmvatn.

 

Papp og papir

700 tonn papir og 500 tonn papp blir innsamla årleg. Papp og papir let seg enkelt materialgjenvinne til ny papp/papir. Økonomisk sett er det også fornuftig å gjenvinne papir, dersom det ikkje blir brukt for store ressursar på innsamlinga. Papir og papp blir frå NGR levert til MGR på Frya for sortering og ballepressing, før det går som råstoff til papirindustrien i Norge og Sverige. Link til returselskap: resy

 

Jern/ metall

Til miljøstasjonane blir det levert ca. 900 tonn jern-og metallskrap pr. år.  Dette er også eit avfall det er enkelt å resirkulere til nytt materiale. Det er Stensli Gjenvinning AS i Brummunddal som er mottakar av vårt jernskrap. Det er for tida gode prisar å få for dette avfallet, og NGR har betydelege inntekter på salget. Utan desse inntektene ville hushaldningsgebyra vore ca. kr. 100,- høgare pr. husstand enn dei er nå. Link for meir informasjon: stensli

 

Treverk

Til NGR sine miljøstasjonar blir det levert ca. 3 500 tonn treverk pr.år. Vi kvernar treverket til flis på kvar miljøstasjon. Flisa blir levert til varmeformål i industrien, hovudsakleg til Sverige.

 

Hageavfall

Til NGR sine miljøstasjonar blir det årleg også levert ca. 1 400 tonn hageavfall. Dette blir kverna på same måte som treverket. Sel kommune brukar ein betydeleg del av dette til kompostering av kloakkslam. Resten blir kompostert på miljøstasjonane, og brukt som vegetasjonsmasse på vegskråningar o.l.

 

Glas- og metallemballasje

Dette avfallet blir enten levert av publikum direkte til NGR sine miljøstasjonar, eller til returpunkt ved butikkar o.l. Vi leverer ca. 350 tonn  årleg til Sirkel Glass AS sitt anlegg ved Fredrikstad. Produsentane av glas-og metallemballasje betaler inn eit vederlag til Sirkel Glass AS, som finansierer returordninga. Vederlaget som blir NGR til del, dekker omlag transportkostnaden frå Otta til Fredrikstad. Link for meir informasjon: syklus

 

Brukte klede

FRETEX AS har eit veldig bra returopplegg for brukte klede/ tekstilar / sko, som også omfattar attføringsarbeid. NGR har sidan starten levert klede til mottaket dei har i Trondheim. Årleg leverer vi ca. 30 tonn. Link: FRETEX.

 

Hushaldningsplast

NGR samler inn omlag 160 tonn plastavfall fra hushaldningar. Denne plasten går i hovudsak til Tyskland for sortering og gjenvinning.

 

Landbruksplast

Årleg blir det levert ca. 300 tonn landbruksplast til NGR sine miljøstasjonar. Vi har avtale om levering med Norfolier GreenTec AS avd. i Folldal. Plastprodusentane betaler vederlag som sikrar økonomien i returordninga, og NGR får dekt alle sine kostnader med mottak og lagring av plasten. Folldal er eitt av fleire anlegg som tek mot denne returplasten, sjå link her: Folldal Gjenvinning  

Elektrisk avfall

Det blir innlevert til NGR sine miljøstasjonar ca. 350 tonn slikt avfall pr. år. Vi leverer dette til ulike returselskap. Når du kjøper ein elektrisk artikkel, betaler du eit miljøgebyr som finansierer returordninga. NGR får såleis dekt sine kostnader med mottak og lagring av dette avfallet.  For meir info, sjå linkane til desse to returselskapa:  RENAS    og   Norsirk

 

Bildekk og blybatteri

Dette er også produkt der du betaler eit miljøgebyr ved kjøp. Dette finansierer returordningane, og det er såleis gratis å levere slikt avfall til miljøstasjonane. (NB: Bildekk med felg er ikkje gratis å levere.) Mengde dekk har vi ikkje eksakte tal på, men blybatteri leverer vi ca. 40 tonn av pr.år.  Linkar til returselskapa:  Dekkretur      Batteriretur 

Farleg avfall

Vi har avtale med Veglo AS i Stjørdal om mottak av farleg avfall, slik som måling, lim, spillolje, sprayboksar o.l. Link: Veglo

 

Betong, murverk o.l.

NGR har eige godkjent deponi på Myrmoen ved Otta for slikt avfall (såkalla “inerte masser”, dvs. masser som ikkje er nedbrytbare.)  Det er containere på alle miljøstasjonane for mottak av slikt avfall. Hushaldningane kan levere inntil 0,25 m3 / 500 kg vederlagsfritt på sin lokale miljøstasjon. Mesteparten av dette avfallet blir levert direkte til Myrmoen frå byggefirma. Vi tek også mot slikt avfall frå Midt-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap (MGR). Vi deponerte i 2011 800 tonn slikt avfall på Myrmoen.

 

Asbestplater o.l.

NGR har eige godkjent deponi på Myrmoen ved Otta også for slikt avfall. Asbesthaldig avfall skal leverast forskriftsmessig emballert, på pall. Vi har mottak på kvar miljøstasjon. Dette inngår ikkje i det vanlege hushaldningsavfallet, og må leverast mot betaling. Asbest er farleg avfall ved handtering, men når det er forskriftsmessig emballert kan det deponerast på godkjent deponi, på same måte som betong og andre såkalla inerte masser.