Månedlige arkiver: august 2014

Utdeling av avfallssekker

Restavfallssekker for 2015, vil bli utdelt hausten 2014.  Sekkerullane blir lagt i søppelstativet, dersom du har det, eller på trappa.

Utdelinga blir utført slik:

  • Skjåk kommune: 15.-.30 september
  • Lom kommune: 15. september – 15. oktober (NB! Endra oppstartstidspunkt i henhald til hentekalender)
  • Vågå kommune: 15. september- 15. oktober (NB! Endra oppstartstidspunkt i henhald til hentekalender)
  • Sel kommune: 1. – 31. oktober
  • Dovre kommune: 5. – 30. september
  • Lesja kommune: 5. – 30. september

For å gjera utdelinga enklare for renovatørane, oppfordrer vi alle om å merke husa sine i henhald til tildelt adresse! Merk gjerne også postkasser og ringeklokker.

Meld ifrå dersom du ikkje har fått avfallssekker når utdelinga i din kommune er avslutta.