Dette kan du levere

Dersom du sorterer avfallet ditt, kan du få levert det meste av gjenvinnbart avfall og farleg avfall gratis til miljøstasjonen (gjeld hushaldningar). Også bedrifter kan levere avfall hit mot betaling.

Sortert avfall som kan leverast gratis* til miljøstasjonen:

*) gratis for husstandane (tenesten er allereie betalt gjennom det kommunale renovasjonsgebyret)
Bedriftene betaler etter eigne satsar: sjå www.ngr.no (bedriftene er ikkje pålagt kommunalt renovasjonsgebyr

Papir Aviser, vekeblad, brosjyrer o.l. Papiret skal vera reint og tørt. (NB: julepapir er restavfall). Bruk ikkje snøre til innpakking, men lever papiret laust i pappesker el.l.
Papp Bølgepapp, massivpapp, pappkasser, brunt omslagspapir, pizzaesker o.l. Pappen skal vera rein og tørr.
Drikkekartong Mjølkekartong, dessertkartong, juicekartong o.l.
Glas- og
metallemballasje
Reingjort glas- og metallemballasje til mat- og drikkevarer. Klart og farga glas kan blandast. (Ikkje: porselen, keramikk, leirpotter, vindusglas, målingsboksar)
 Plastfolie Gjeld berre plastfolie. (ikkje plastbeger, plastflasker o.l. Dette skal i restavfallet og blir gjenvunne som energi). Plastfolien du leverer på miljøstasjonen kan vera farga eller klar. Den skal vera rein, og pakka i plastbereposar el.l.
 Klede/tekstilar Klede, tekstilar og sko. Skal vera pent brukt, reint og tørt. Pakka i plastsekk. (Sekken blir ikkje opna før den kjem til FRETEX i Trondheim)
 Hageavfall Organisk hageavfall som gras, lauv, greiner og røter (reinsa for stein)
 Bildekk  Dekk utan felg
 Blybatteri Vanlege blybatteri for bil, traktor, solcellepanel o.l.
 Farleg avfall

(Farleg avfall som til vanleg oppstår i ei hushaldning. Ikkje bygg- og rivingsavfall) Måling, lim, spillolje, oljefilter, oppladbare batteri, lysrør, sparepærer o.l  (tomme målingsboksar er jern/metall). (Mottek ikkje: medisinar, smittefarlege stoff og eksplosivar).

Ei samla mengde farleg avfall på inntil 1000 kg pr år pr abonnent (eller den mengda nye forskrifter beskriv) er gratis. Denne mengda omfattar også asbest og impregnert material. mengde ut over dette skal betalast til vanleg pris.

 Kvitevarer/EL-avfall Alle typar elektriske artiklar, TV, data, kabel osv.
Jern/metall Reint metallisk materiale, som jern, metall, aluminium o.l.

Avfall som kan leverast til miljøstasjonen mot betaling**

**) prisane gjeld for private husstandar og er inkludert 25% mva. Bedriftene betaler etter eigne satsar: sjå www.ngr.no  Dersom det er vekt tilgjengeleg på miljøstasjonen, blir det betalt etter vekt. Hvis ikkje blir det betalt etter volum (m3). Bruk helst betalingskort! (Skal du ha tilsendt rekning blir det kr. 50,- i ekspedisjonsgebyr).

Restavfall/grovavfall (blanda avfall)
kr. 325,- pr. m3/kr. 1.625,– pr. tonn
(minstepris pr. leveranse: kr. 40,-)
Impregnert material Kreosot-og trykkimpregnert
kr. 375,- pr. m3/
kr. 2.375,- pr. tonn. Gratiskvote: sjå under «Farleg avfall» ovanfor.
Asbest Vegg- og takplater av asbestsement.
(Skal vera forskriftsmessig pakka i plast og leverast på pall)
kr. 2812,50,- pr. m3 / kr. 1.875,- pr. tonn. Gratiskvote: sjå under «Farleg avfall » ovanfor.
Treverk Bygge- og rivingsmaterial (kan innehalde spikar og måling)
kr. 112,50 pr. m3 / kr. 750,- pr.tonn (mindre enn 1 m3 / 100 kg er gratis)
Isolervindu med PCB Isolerruter produsert før 1975 (sjå årstal i metallramme) kan innehalde PCB og skal leverast som farleg avfall. Pris: gratis for hushaldningar. Næring: pris etter avtale.
Reine masser Betong uten armering, murverk, stein, jord, porselen, leirpotter, vindusglas.
kr. 750 pr. m3 / kr. 375,– pr. tonn (mindre enn 0,5 m3 / 500 kg er gratis)
Armert betong kr 625,- pr tonn (mottak kun på Otta)
Bildekk på felg Kr. 62,50 pr. stk (personbildekk)

Last ned oversikta som pdf her : Hentekalender 2016 – prisliste

 

Vil du sjå korleis avfallet blir behandla, finn du det på denne linken:  Avfallsbehandling