Det vil bli endra køyremønster for renovasjonsruta i Dovre kommune torsdag 02.03.17. Dette pga feil på ein renovasjonsbil. Ruta vil bli køyrt med ein renovasjonsbil i staden for 2 bilar.
Strekninga frå Dombås til Hjerkinn vil bli køyrt onsdag 01.03.17.
Strekninga frå Dovreskogen til Dombås vil bli køyrt på torsdag. Bilen vil byrje på Dovreskogen og arbeide seg mot Dombås. Restavfallssekken vil difor bli henta seinare enn vanleg i Dombås-området.