Min kommune: Lesja

Lesja kommune har 2 200 innbyggarar, og har vore medlem i Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap sidan 2003.

Informasjon om renovasjon i Lesja kommune:

Renovasjonsgebyr

Klikk her for å sjå gebyra.

Miljøstasjon i Lesja

Jora miljøstasjon på Dombås dekker både Lesja og Dovre kommunar, og denne er open 2 dagar i veka. Det er og ein miljøstasjon på Bjorli, og denne er open 1 dag i  månaden (+ nokre ekstra åpningsdagar om sommaren).

Gjenvinnbart avfall bør sorterast ut og leverast til gjenvinning. Dersom du sorterer ut alt gjenvinnbart avfall, får du mindre restavfall og kan kanskje klare deg med eit minsteabonnement på 24 sekkar pr. år.  (Farleg avfall skal sorterast ut, og ikkje leverast i restavfallet.) Det vil bli alt for kostbart å ha henteordningar for mange typer gjenvinnbart avfall, og vi må basere oss på at abonnenten sjølv fraktar dette til miljøstasjonen.

Klikk her for å sjå opningstider og kart til Jora miljøstasjon på Dombås

Klikk her for å sjå opningstider og kart til Bjorli miljøstasjon

Klikk her for å sjå korleis avfallet skal sorterast 

Hentekalender for Lesja

Restavfallet blir henta  annakvar veke heile året. Sekker med plastemballasje frå hushaldningar blir henta kvar månad. Det er ikkje henteordning for papir/papp, men du finn sjølvbetjente returpunkt for papir ved nærbutikkane.

Klikk her for å laste ned hentekalenderen for restavfall.

Hytterenovasjon i Lesja kommune

Kommunen har utplassert containere for restavfall og returpunkt for papir, glas-og metallemballasje som hytteegarane kan bruke. I tillegg skal  miljøstasjonane brukast for grovavfall og farleg avfall. Gebyr for hytterenovasjonen finn du på link under “Renovasjonsgebyr” oppe på denne sida.

For å finne kvar du som hytteeigar kan levere ulike typer avfall, sjå informasjon nederst på denne sida korleis du finn returpunkta ved å bruke Sortere.no.

Kontaktpersonar

Kontaktperson i kommuen for renovasjonsspørsmål.
Hallvard Bjørklund Wangen
Telefon kommunen: 61 24 41 00
E-post: postmottak@lesja.kommune.no

Kontaktperson i NGR for innsamlingsrutene i Lesja, Dovre og Sel:
Hans Amund Sveine 
Telefon: 415 34 881
E-post: hans.sveine@ngr.no

Kontaktperson i NGR for miljøstasjonane i Sel, Lesja og Dovre:
Terje Vardsveen
Telefon: 975 54 743
E-post: terje.vardsveen@ngr.no

Lesja kommune si nettside:

http://www.lesja.kommune.no

Slik finn du returpunkt og hyttecontainere med Sortere.no

NGR samarbeider med Sortere.no om kart og guide for sortering.

Dette er ein måte å bruke guiden på:

1. Trykk på linken: “Hva betyr symbolene” nede til venstre på kartet, så kjem det opp ei tegnforklaring.

På “Gjenvinningsstasjon” = symbol G , kan du levere dei aller fleste typer avfall. (NGR brukar begrepet “Miljøstasjon” om slike betjente mottak.)

Utplasserte containere der du kan levere hushaldningsavfall frå hytter (ikkje grovavfall og farleg avfall) finn du under symbolet H.

Returpunkt for glas/metallemballasje (også papir i Lesja og Dovre) finn du under symbolet R.

2. Bruk zoom-funksjonen til høgre i kartet for å få høveleg målestokk.