Dersom det er nokon i Lora-området som på vedlagte bilde kjenner att ein kontorstol, akekjelke, eit skistativ og ei pumpe, er dette i dag henta ut av hyttecontaineren ved Lora stasjon av våre renovatørar. Det ligg ved sida av containeren, og kan hentast att her.
Dette er misbruk av ein container som berre skal ta mot hushaldningsavfall frå hytter. Dersom NGR leverer dette jernskrapet i restavfallet til Heimdal, får vi store straffegebyr. Får vi ikkje slutt på dette misbruket, må vi køyre alt avfall frå Lesja til Otta for sortering, før vi kan sende det vidare til Heimdal. Dette vil fordyre renovasjonen i Lesja kommune vesentleg for alle.
Dovre den 23.09.13. Helsing Oddbjørn Einbu (dagleg leiar i NGR).